onsdag 29. desember 2010

Ny mobiltelefon

Hei
Eg er no med i gjengen. Eg har fått sånn telefon som har nesten ingen knappar. Berre skjerm. Den er litt liten. er sony ericsson og heiter noko med mini. Eg har testa litt korleis det er å blogge frå telefonen. det starta med det innlegget som berre inneheldt ordet test - i tillegg til ordet jul, sjølvsagt. Så hadde eg eitt uheldig og eitt heldig forsøk på å leggje til bilete. Veit ikkje kva eg gjorde forskjellig, men satsar på at eg får det til frå no av.

Dersom dåkke ser blogginnlegg med etiketten mobilblogging, så er det frå telefonen min.

Eg likar telefonen min. Fekk den til jul av PK. Kjekke fyr det der.

mandag 27. desember 2010

julen i et nøtteskall

Denne julekrybbepynten fekk eg av lena for nokre år sidan. For dåkke som ikkje ser so godt, er det jesus som ligg i eit nøtteskall. Altså: julen i et nøtteskall :-) kjekke lena
Published with Blogger-droid v1.6.5

boka eg les - vidunderbarn av roy jacobsen

Dette er boka eg akkurat blei ferdig med. [Det begynner den dagen en mystisk liten halvsøster ankommer mutters alene med grorudbussen, med en atomladning i en lyseblå koffert] ei bok med fleire komma enn punktum. Eg er ei punktumskrivande damehandball men ein venner seg til det. No lurer eg på kva eg skal lese.
Published with Blogger-droid v1.6.5

lørdag 25. desember 2010

Published with Blogger-droid v1.6.5

jul

Test
Published with Blogger-droid v1.6.5

torsdag 23. desember 2010

dagen før dagen

Det er lillejulaftan. Eg skal til å gå å legge meg. Men eg måtte berre setje meg ned litt. Setje meg ned å sjå. Sjå på jula. I huset mitt.

Ull-Josef og -Maria sit på same måten som meg. Dei ser. Dei bryr seg katten om stova mi. Dei sit og ser på ull-Jesusbarnet som Josef held i armane sine. Dei undrar seg. Kven er dette? Kvifor har akkurat me fått denne sonen?

Blånissejenta har krabba op og sett seg i potta til amaryllisen.


Julekorta med bilete av kjekke ungar på.


Eg ser også på det mest iaugnefallande i heile stova vår denne kvelden. Det nye, vakre juletreet. Det er eit pent og venleg tre. Ei edelgran. Litt mindre enn akkurat passe, men akkurat passe likevel. Me har pynta med julekuler frå ikea, julelys frå smart club, julestjerne frå jernia. juletelefonen eg kjøpte på julebutikken på Skei då me var i gullbryllaup til Snefrid og Sigmund for litt over to år sidan. Ein trenisse som liknar på V. Mørk som var/er (vere skal?)  tysklærar på ungdomsskulen vår. Elles heng det julepynt eg har kjøpt no i desember på treet. Pene ting som til dømes ein gyngehest, ein pepperkakemann, ein bamse og ein sprellemann. Juletreet stend i kråa med vindu på begge veggane. Juletreet speglar seg i vindauget. Me har nesten tre tre, og ikkje berre éitt.


Eg ser på TV-en vår. I morgon er det snikker Andersen (se på'n, er'n itte lang?), tre nøtter til Askepott (vår Askepott. Og min også. Hvis du vil ha meg da), og den koselege bibel-relaterte filmen om Johanna som skal få seg ein lillebror og mormor og morfar på landet og bensinstasjonen og sparken og dei brende julekakene. Og sjølvsagt lillebroren som vert fødd, på sjølvaste julafta. Han og Jesus.

Ved sidan av TV-en stend det tre boksar. Det er ikkje hemmeleg (lenger) kva som er i boksane. Det er godteri til Øystein, Per Kristian og meg. Det er juletradisjon Per Kristian har vokse opp med. Slike tradisjonar tek me sjølvsagt med oss vidare. Svigermor sende ned boksane til oss - med innhald.


Eg ser på spisestua vår. Med den nye juleduken. Med adventsstaken som har fått kvite lys og vorte julestake. Med juleengelen eg fekk av klassa mi til jul i fjor. Med skåla med julekarameller. Her skal me ete frukost, graut, middag og dessert i morgon. Kvelds blir det nok ikkje.


Eg ser òg på gåvene under treet. Eg gjer det.

God jul alle saman.

søndag 7. november 2010

Nokon har gløymt bloggen sin

Det har vore to hektiske veker. veke 44 var det utviklingssamtalar (Det som heitte konferansetimar i gamledager). I tillegg skulle storbandet Jazzå spele til dans på fredag (og eg er altså med i dette storbandet - barytonsaks). Me hadde diverse øvingar i løpet av veka. veke 43 var det førebuing til veke 44 og alt som skulle skje der.

Eg har gått i to veker og gledd meg til laurdag (som var i går). Då skulle eg gjere ingenting. And so i did. handla mat og så for eg på sandivka storsenter for å drive dank og kjøpe litt juleting. Veit det er tidleg med juleting, men me skal feire jul heime med oss sjølve i år, og då føler eg det er lov å starte litt tidleg.

Denne veka skal vere ei ganske normal veke, tenkjer eg. Trivst best då.
["A GNU head"]

Gnuen og eg ynskjer dykk alle ein finfin sundag

søndag 10. oktober 2010

Fuglane - Piipii

Me har verdas styggaste fuglebrett. Og det er malingsflekkar på det også. Men fuglane er svoltne på Jar. PK bruker heile månadslønna si på solsikkefrød og legg ut til dei. Eg har lært meg forskjellen på fire fuglesortar:

Kjøtmeis (kunne frå før)
Blåmeis (trudde var det samme som kjøttmeis)
Svartmeis (trudde var det samme som kjøttmeis)
Spettmeis

Eigentleg er ikkje spettmeisa ven med nokon av dei andre. Men på kapellan Sætre sitt fuglebrett er alle fuglar vener. Skjora tek seg og ein tur, Men det er ikkje like populært.

På biletet er det spettmeisa som er den spisse fuglen og blåmeisa som er den kjøttmeisa på kanten. Blåmeisa er ei lita kjøttmeis med blått på seg.

lørdag 9. oktober 2010

Kjøleskapspoesi

Forrige gong det var jul, fekk eg slike magnetar av Synnøve Marie med ord. Sånne ein kan lage setningar og vakker poesi på sitt eige kjøleskåp med. Det er jaggu meg kjekt. Synnøve sjølv har bidrege sterkt. Eg veit ikkje lenger kva eg har laga og kva ho har laga, eller Storemartine eller PK eller... Etter eg las dagens innlegg av Maria sin blogg (maryathome). fekk eg lyst å dele litt av denne kjøleskapspoesien med dykk kjære lesarar:

drøm om luksus kyss

våkne rik

kaffe eller stygg ferie

se hvilken moderne flott plast

å høre vanlig engstelse

jeg å henne
eneste deg
lett dem

sommer poesi
merkelig høst

lengte ved bilde av kjøleskap

ryk da og reis

skal hemmelig energi få regn

unnskyld jeg må spørre min idiot

komme naken
deilig
million barn

kvinne ja men man synes penger og verden hvor en har grøt er hyggelig

torsdag 7. oktober 2010

Tatarattatataaaa

No har eg altså internett igjen. Lat oss håpe det vert nokre innlegg no då. Eg har brukt dette med mangel på internett til det det er verdt. Ikkje betalt rekningar, ikkje sjekka mail, ikkje gått på styremøter, ikkje blogga etc. Så no må eg søren meg skjerpe meg no når eg har fått internett også. Jaja...

Ha ein strålandes ettermiddag alle saman.

torsdag 12. august 2010

bøkene mine

Her kjem bokmeldingar:

For augneblinken held eg på med "Saman er ein mindre aleine" av Anna Gavalda. Dette er ei fin bok. Eg er halvvegs, men det seier litt om boka. For ho er på litt over 600 sider, så eg har lest 300 og er nøgd.
Saman er ein mindre aleine - Anna Gavalda

Ho handlar om nokre unge vaksne som er åleine i verda. Dei har sine ting å stri med og dei er svært ulike. Men litt like òg. Damebok.
Eg har sett filmen, men tykte den var litt trøtt.

Boka eg leste før det var "Potensgiverne" av Karin Brunk Holmqvist. Artig bok. 2 eldre systre som bur saman i barndomsheimen. Ugifte. Dagane gjeng og desse to damene er slike ein kan stille klokka etter. Alt gjeng på autopilot. Heilt til den dagen.... hehe.. det flyttar inn ein nabo. Ein ung mann på berre nokre og 60 år. Då reiser damene til byen og kjøper seg nye kjolar. Dei finn òg på å skaffe seg vassklosett, slik som naboen har. Tittelen seier litt om korleis dei skaffar pengar til dette. Ei festleg bok.

Ei bok ein kan dømme på utsjånaden.

Før der i gjen leste eg Øya av Victoria Hislop. Eg likte den boka òg. Leprakoloni på Kreta. Om landsbyen som ligg ved denne øya der alle dei spedalske vert sendt. Livet på denne Øya og div kjærleikshistorier.
Utprega damebok. Ikkje nokon spenningsroman, men ei fin historie om eit litt meir uvanleg tema.

Google er gøy

Her er eit usakleg googletips:

Gå på bildesøk og skriv "bilde". Då får ein alt mogleg. Og då meiner eg alt, så dette er ikkje for sarte sjeler.

veldig mange bilder som heiter "bilde" kanskje img og det også er fint. Det må eg teste ut.

Eg les ei bok no om ei jente som er så flink å teikne. Eg har aldri vore flink å teine. Trur til og med mamma må innrømme det no. Eg er glad i motiv, men er ikkje kunstnar sjølv på dette området. Ikkje er eg ein kløppar i foto heller, men likar å knipse av ymse motiv (fargar, eksponering, kvitbalanse og sånn bryr ikkje eg og Canon ixus oss om). Kanskje finn eg fine motiv på googlesøket mitt.

kjekke ting

Eg er kan hende litt materialistisk, sidan eg bloggar om ting eg eig. Men til mitt forsvar er det ganske stusselege ting eg gledar meg over. Affeksjonsverdi eller berre små rare ting eg likar.

Her er to nye ting eg har kjøpt til stova mi:

Ein puff som ein både kan sitje på og liggje på:


Pappa sin kommentar må eg berre skrive her:
"E de en sånn poff so en sitte å sige utøve på?"

Synnøve er den einaste som har sove på puffen (med unntak av middagskvildene våre). Trur ikkje det er engleseng, men sikkert betre enn golv.
Puffen er kjøpt på Åhlens.

Den andre tingen er bladkorga mi. Denne er kjøpt på Søstrene Grene. Ein relativt artig butikk ein kan finne jaffal på Karl Johan og på Sandvika Storsenter.



Her oppi har eg eg blad og brosjyrer det kan vere interessant å bla gjennom (dette er ikkje staden å dumpe bohusreklamer og gamle utgåver av Vårt Land).

Bladkorga er plassert mellom dei to gyngestolane og det er svært passeleg, meiner eg sjølv.

I bakgrunnen ser de forøvrig dei nye hagemøblane våre. Guri kor vaksne me kjende oss då me køyrde heim frå plantasjen med hengar på bilen og hagemøblar og grill bak på.

på tokt hjå Besta

Det er kjekt å ha ei bestemor som heiter Besta. Det er også kjekt at Besta har eit stort hus det har budd litt folk i. Nokre av dei som har budd her er til dømes Pappa, men det er vel ikkje så rart.

Eg var på besøk hjå Besta ein dag i ferien då eg var på Sunnmøre. Då tok me oss ein tur på loftet. Til og med på mørkeloftet var me. Det var PK, eg og Besta.

Her fann me det eg ville ha (for det låg ein intensjon bak akkurat dette besøket). Det var eit par gyngestolar bestefaren min har laga. Han var møbelsnikkar i si tid. Eg har aldri treft han. Han er død, og det har han vore sidan Pappan min var litt for ung til å miste pappan sin.

Men han har sett spor etter seg. I allefall på loftet heime hjå Besta. Der er møblar han har laga i kvar ei krå.


Gyngestolane står no ved altandøra mi i det nye huset mitt. Dei skal nok pussast, malast og kanskje trekkast om ein dag. Eg må berre lære det fyrst. Men eg har det jo i blodet.


I eit skap på loftet til Besta sto denne retro stoppeklokka. Trikset heime hjå Besta er å seie: "Denne var fin/tøff/stilig/kjekk" etc ca tre gonger, og så seier Besta: "Off! Vil du ha den? Det er berre noko gammalt skrot"

Eg er glad i Besta - ikkje berre fordi ho har eit hus, men fordi ho er Besta mi :)

fredag 6. august 2010

ikkje gi opp, kjære lesarar

Eg har ikkje internett heime, og Blærum kommune er treige, så kven veit når det skjer at eg får internett i huset mitt.

Men eg er i bloggemodus. Det er berre litt vanskeleg.

snufs...

onsdag 28. juli 2010

baker hansen

Hei igjen mine gode vener.
Her sit eg, på Baker Hansen på storsenteret mitt i Sandvika.
Her er internett. Med passord som eg og datan min kan.

I sta kom det ein (kjekk) fyr bort til meg (fordi eg sit attmed der ein finn serviettar og bestikk) og sa "søt". Men det var ikkje til meg. Eller det var til meg. Men det var ikkje om meg. Eg har ein konkurrent her. Datan min, så klart. Den er søt den. Er ikkje så verst sjølv heller, eigentleg, men det får vere eit anna blogginnlegg.

Baker Hansen, ja. Her sit eg. parkeringa gjeng ut om 2 timar, så....
her sit eg.

onsdag 21. juli 2010

eit kjekt bord

i Brugata i Oslo, er ein bruktbutikk som har litt møblar, bøker, ein drøss postkort (visste ikkje det var mulig), div rusk og rask og noko stilig.

Her har eg kjøpt meg eit kjekt bord. Det er litt lite, men akkurat stort nok til å spele settlers på det, så det kvalifiserer til salongbord (PK var først skeptisk).

Det har hylle under til aviser og datamaskina mi. Det er litt slitt på bordplata, men eg likte det kjempegodt.

Her er eit bilete av bordet. Bordet stend ved puffen min. Puffen kjøpte eg på bruktbutikk i Ørsta. Kjekk plass det også. Puffen har eg faktisk trekt opp heilt sjølv :)


Biletet er teke ein Torsdag eg var i nyehuset mitt for å vente på Ikea og ein mann med eit kjøleskap (som me kjøpte brukt på El-vare på Sagene ). På bordet stend ei skål sjokolade og eit glas brus (til meg).

la baguette på oslo s

Når ein ikkje har internett heime, kan ein gå på ein kafè, kjøpe seg ein matbit, og sitte på internettet deira ei lita stund.

La baguette på oslo s har dei internett. Ein annan ting dei har, er ei bokhylle med bøker andre har lagt frå seg, som ein kan ta, lese og så leggje henne frå seg ein annan stad. det er visst ei nettside som heiter www.bookcrossing.com.

Så her sit eg.

lørdag 17. juli 2010

huset mitt

Her sit eg og må på do.
PK er på do.
Det er ikkje fyrste gongen eg må vente på at doet vert ledig.
Men kanskje siste?
Kva? 
Skal PK slutte å gå på do?
Nei...
Skal Kari slutte å gå på do?
Nei...
Kva kan det då vere?

Kari og PK skal få seg to do.

søndag 11. juli 2010

Ein tur til fagre Sunnmøre

Denne veka var me ein tur til heimbygda. Me køyrde opp i den nye bilen vår og Karin sat på. Heime har me gjort lite, men likevel litt forskjellig. Ein dag var me ein tur ut på Runde. Det var svigerforeldra mine som lurte på kva me skulle finne på. Eg sa at eg er med på kva som helst dersom det inneheld ein softis. Og det fekk eg :)

Her er nokre bilete frå Runde:

bilete 052 019

 

bilete 052 021

Svigerinne og svigermor og svigerhunden

bilete 052 027 Her er Laika – Svigerhunden min.

bilete 052 036

Fuglefjellet 

Det er fint når det er fint. Det er alt eg kan seie. Me var òg på besøk med systera mi. Me åt taco og spelte settlers. Her er utsikt frå stovevindauget hennar:

bilete 052 042

Mamma og Pappa har eit feriehus i Fiksdalen. Her var me ein snartur før me køyrde tilbake til Osloen vår. PK får vener overalt

bilete 052 047

Dette biletet vart teke då Mamma, hunden Fredrik, PK og eg var på ettermiddagstur på laurdag.

bilete 052 057

Og her er dei 2 andre turgåarane.

bilete 052 062

Her er sjefen over huset i Fiksdalen :)

 

Til slutt kjem ein kavalkade eg tok på køyreturen heim. Det vert fine bilete med eit aldri så lite kompaktkamera utgjennom frontruta på bilen. Hehe :)

 

bilete 052 073 bilete 052 077 bilete 052 087 bilete 052 090 bilete 052 092 bilete 052 096

take care, folks

fredag 2. juli 2010

Sommar

Det er så fint her. Me utset turen til Sunnmøre med ein dag, for det er meldt betre vêr her. Det er ikkje uvanleg då, men. So søndag set me oss i den nye bilen vår (har eg sagt at me har kjøpt bil, hehe) og køyrer oppover.

No er det helg. Kanskje får me flytta nokre ting i dag. Eg er flink å pakke, men leilegheita vert så full av det.

Med dette reklamebiletet vil eg ynskje dåkke alle ei god helg!

onsdag 30. juni 2010

Markveien

No har eg budd i Oslo i 6 år. Eg kan Bogstadveien, Karl Johan og diverse krikar og krokar ut og inn. Men austkanten er eg ikkje så ofte på. I dag skulle eg gå frå Youngstorget til Grønland og visste ca retninga og hadde god tid, så eg gjekk litt på måfå, so dei seier.

Eg gjekk inn ein veg som heiter Markvegen. Hmm, tenkte eg med meg sjølv. Her hadde eg aldri gått før, men vegen såg så interessant ut at eg ville ha med meg ein annan elefant.

I denne Markvegen var det mange kjekke butikkar. Ein av dei var denne:
www.skaperverket.com
Fleire vintageaktige butikkar. Og butikkar som selde ting som var fine å sjå og ta på. Eg enda på Schous plass då eg var ferdig. Det var ikkje der eg hadde tenkt å ende, men då var det berre å gå til Grønland frå Schous plass. Eg fann Grønland og vandra litt der. Dei hadde ikkje det eg leitte etter, men eg hadde sånn ein fin tur så det gjorde ingenting.

mandag 28. juni 2010

Skrotnisse

Eg trur det bur ein skrotnisse her i huset eg bur i no. I ryddinga/flyttinga har eg samla ein del ting som eg ikkje vil ha lenger. Eg tenkte andre menneske kunne få det. Hehe. Men det meste er eigentleg skikkelege ting, men som eg berre ikkje vil ha lenger.


I går sette eg ut ein sånn stamp med ting pluss ein ikeapose med gamle sko og nokre heimesydde vesker. Etter nokre timar var stampen vekk. Og på kvelden stod ikeaposen der (men han var berre halvfull no). Eg tenkte at det fekk stå over natta og at eg skulle kaste det morgonen etter. Men i dag tidleg var posen også vekke. Det kan sjølvsagt hende at søppelmannen tok det, for det stod nært søpla og søpla var tømt i dag. Men hvis ikkje, lurer eg veldig på kven som ville ha alt skrotet mitt. Eg har meir skrot. Lurer på om eg skal setje det ut også.


Dersom eg held fram, vert det lett å flytte :)

Bilen min

Som de alle har fått med dåkke, har då PK og eg kjøpt oss vår første bil. Det er ein golf. Litt svær ein, om eg må sei det sjølv.

I dag eg på min første Oslokøyretur. Eg hadde eit ærend på jobb (levere nokre permar og hente jobbdataen min) og tok fatt. Eg køyrde både Pilestredet, Majorstukrysset, Smestadkrysset, ring 3 med meir. Eg hadde full kontroll. Eg er ein super sjåfør berre eg får ha bilen, augene, tankane og vurderingsevna for meg sjølv.

Då eg kom heim visste eg at ei lukeparkering måtte til. Eg køyrde nabolaget rundt etter ei lita luke. Det var ikkje lett. I gå (men då var det søndag) formiddag, var det kanskje 5 ledige berre i gata mi. Men ikkje i dag, nei. Eg fann ei til slutt. Nærare huset til Maria og Andreas enn mitt eige, men det får vere. eg trur det var andre forsøket og bilen var i luka (men ein del fram og tilbake inne i luka sjølvsagt. Eg parkerte mellom ein Volvo og ein Rover. Berre for å gjer det liksom (hadde ikkje noko val).

Her ser de bilete av luka, bilen, bilen bak og bilen framom.

Eg må seie at dei 2 andre bilane står like langt uti vegen som meg :)
Luka såg brått stor ut. Her er avstanden mellom dei 2 andre bilane.


Er eg ikkje flink?

fredag 25. juni 2010

Flyttekaos

Hei
Eg er eigentleg veldig glad i å flytte. Likar å pakke og sortere tinga mine. Likar å få oversikt over alt rotet eg har samla på oppgjennom og det gjev meg ei glimrande anledning til å kvitte meg med ting og rusk og rask.

Sjølv om eg ikkje veit når eg eigentleg skal til å flytte, har eg alt begynt å pakke. bøker i banankasser, og lenger har eg ikkje komt.


Me held på å kjøpe oss bil. Det vil seie, me eig ein bil, men har ikkje fått han enno. Grunnen til det er at banken er så trasige. Mandag var alt såre enkelt. Dei trengde berre 2 signerte dokument scanna og sendt på mail. i går kl 1500 trengde dei litt meir. Då måtte me òg printe ut nokre greier, signere det og scanne det til dei (me har korkje printer eller scanner heime, så dette må gjerast på dagtid). I dag, kl 1600 måtte dei visstnok ha originalar sendt i posten. Dette er til å grine av, noko me også har gjort.

Me skal i bryllaup i helga og vil gjerne køyre dit. So no er det smisking med bilselgar om at dokumenta han har fått frå banken er garantert pengar til han over helga. Men han er skeptisk (det har han lov å vere), så me må overbevise han om at alt er trygt.

Så på mandag skal banken få høyre at sånn går det ikkje an å gjere.

Men eg pakkar og prøver å innbille meg sjølv at eg snart skal flytte. No skal eg besøke mi gode veninne Malin og ete middag saman med henne.


Snakkast!

torsdag 24. juni 2010

Kari likar

No ser eg at fleire har vore innom bloggen min fordi eg reklamerte på facebook :) Dette likar eg.

Kari likar:
- sjokoladen Hobby
- å vere åleine heime og ete grandiosa til middag med cola zero til
- lukta av vår
- lyden av PK som alltid prøver å opne dodøra før han har låst opp (kvar gong gløymer han at han må ta nøkkelen før dørhandtaket)
- ungar i (nesten) alle aldrar
- å bytte ut utepils med utecola
- å rydde og lage oversikt over hobbytinga sine (perler, tråd etc)
- rosinbollar
- filmane "Vicky Christina Barcelona" og "Den fabelaktige Amélie fra Montmatre"
- kvitveis
- å ta ut fletter av håret og kjenne på krøllane
- dundyna si med flanelldynetrekk
- jobben sin (særleg denne tida)
- å ha på høg musikk og danse i eiga stove
- merksemd

Godt nyttår

Eg har ikkje skrive sidan i fjor.
Men no er eg ein lærar med sommarferie.


No om dagen driv eg og pakkar. PK (mannen min) har fått jobb og me skal flytte rett ut av Oslo. Det vert spennande. Større plass får me og me har nettopp kjøpt oss bil. Denne skal me hente i morgon. Då har eg fått beskjed om å ha med favorittcden min. No har det seg slik at eg har pakka cdane, men trur eg skal grave fram ein. Lurer på om det vert denne.


Då håper eg på mange lesarar og mange kommentarar.

Helsing Kari