torsdag 24. juni 2010

Kari likar

No ser eg at fleire har vore innom bloggen min fordi eg reklamerte på facebook :) Dette likar eg.

Kari likar:
- sjokoladen Hobby
- å vere åleine heime og ete grandiosa til middag med cola zero til
- lukta av vår
- lyden av PK som alltid prøver å opne dodøra før han har låst opp (kvar gong gløymer han at han må ta nøkkelen før dørhandtaket)
- ungar i (nesten) alle aldrar
- å bytte ut utepils med utecola
- å rydde og lage oversikt over hobbytinga sine (perler, tråd etc)
- rosinbollar
- filmane "Vicky Christina Barcelona" og "Den fabelaktige Amélie fra Montmatre"
- kvitveis
- å ta ut fletter av håret og kjenne på krøllane
- dundyna si med flanelldynetrekk
- jobben sin (særleg denne tida)
- å ha på høg musikk og danse i eiga stove
- merksemd

1 kommentar:

  1. No skal ej kommentere her :)Neste gong du e heime kan du komme hit på grandiosafest og colabrus. De lika ej me. Av og til vanka de en og anna hobby (som i sjokolade). Store klem til godekari frå mej

    SvarSlett