torsdag 5. november 2009

Svineinfluensa

Eg er ikkje blitt ramma, enno.
Mi kjære lille Sylvia ringde meg ein dag og ville finne på noko no før eg fekk svineinfluensa. Det var då optimistisk av henne.

Me har hatt tilfelle i gruppa og i dag kjende eg meg ikkje bra rett før matpausa. Låk i haudet og litt slapp. Nesten litt kvalm òg. I dag tidlig hosta både PK og meg. Men etter ei brødskive og litt frisk luft (også kalla inspeksjon) kom det seg.

Men likevel behandlar eg meg sjølv no i kveld som om eg var sjuk. Sov litt middag, drikk kakao og slappar av med pledd :)

Håper eg slepp dette greiene her. Lurer på å vaksinere meg, men dei gongane eg prøver å ringe, kjem eg ikkje gjennom. Er sikkert fleire som tenker det samme som meg desse dagar. Me skal visst få vaksine på jobb, men det er ikkje før om nokre veker, så me får sjå.

treige nettsider.

Ein dag me skulle laste ei nettside (og eg forklarte at ein kunne følge med på dei grøne strekane) utbraut ein elev:
Åh, det går jo treigere enn en togfører som kjører båt.

Ein draum

Her er eit døme på irriterande draum:

Eg drøymde at ein dag etter eit friminutt sat det ei faddergruppe i klasserommet vårt og ville gje sjokolade til dei elevane som var i si faddergruppe. Det var sånn pose med troikabitar og andre bitar, om de skjøner. Eg blei litt irritert sidan me ikkje hadde avtalt dette på førehand og gjekk opp i andre etasje for å finne lærarane deira. Der var ingen. Så gjekk eg til biblioteket for å spørje om bibliotekaren visste kvar 5.trinnet var.
- Nei dei er ikkje på skulen i dag.
Men tydelegvis var tre elevar nede hjå oss. Så stod ressurslærar der også. Dei heldt visst på å rydde på biblioteket.
- Vil du ha denne fine fyrstikkdåsen, Kari? No som det er snart advent og greier.
Eg kjende meg ikkje i humør til å få nokon fyrstikkdåse, så eg takka nei så pent eg kunne:
- Eh.. veit ikkje.
Så gjekk eg ned att. På veg møtte eg fleire av elevane mine. Dei var overalt, både ute og inne.
Klokka var blitt 1305 og det var berre 10minutt igjen av heile timen.

Korleis det gjekk med sjokoladen, veit eg ikkje, men at eg hadde sløsa vekk ein heil time visste eg.

Slike draumar har altså lærarar (jaffal meg)