fredag 25. juni 2010

Flyttekaos

Hei
Eg er eigentleg veldig glad i å flytte. Likar å pakke og sortere tinga mine. Likar å få oversikt over alt rotet eg har samla på oppgjennom og det gjev meg ei glimrande anledning til å kvitte meg med ting og rusk og rask.

Sjølv om eg ikkje veit når eg eigentleg skal til å flytte, har eg alt begynt å pakke. bøker i banankasser, og lenger har eg ikkje komt.


Me held på å kjøpe oss bil. Det vil seie, me eig ein bil, men har ikkje fått han enno. Grunnen til det er at banken er så trasige. Mandag var alt såre enkelt. Dei trengde berre 2 signerte dokument scanna og sendt på mail. i går kl 1500 trengde dei litt meir. Då måtte me òg printe ut nokre greier, signere det og scanne det til dei (me har korkje printer eller scanner heime, så dette må gjerast på dagtid). I dag, kl 1600 måtte dei visstnok ha originalar sendt i posten. Dette er til å grine av, noko me også har gjort.

Me skal i bryllaup i helga og vil gjerne køyre dit. So no er det smisking med bilselgar om at dokumenta han har fått frå banken er garantert pengar til han over helga. Men han er skeptisk (det har han lov å vere), så me må overbevise han om at alt er trygt.

Så på mandag skal banken få høyre at sånn går det ikkje an å gjere.

Men eg pakkar og prøver å innbille meg sjølv at eg snart skal flytte. No skal eg besøke mi gode veninne Malin og ete middag saman med henne.


Snakkast!

1 kommentar:

  1. Så koselig at du blogge igjen, Kari!! Gratulera m bil! Kor flytte dåkkår? vekk fra Oslo? Eg planlegge å henga ei uka i oslo i midten av august, hadde vært sååå koslig å møtt dg då!! Ha ein goe sommar så lenge, så krysse eg fingrane for at me møtes om ikkje så alt for lenge!! Klemz:)

    SvarSlett