søndag 10. oktober 2010

Fuglane - Piipii

Me har verdas styggaste fuglebrett. Og det er malingsflekkar på det også. Men fuglane er svoltne på Jar. PK bruker heile månadslønna si på solsikkefrød og legg ut til dei. Eg har lært meg forskjellen på fire fuglesortar:

Kjøtmeis (kunne frå før)
Blåmeis (trudde var det samme som kjøttmeis)
Svartmeis (trudde var det samme som kjøttmeis)
Spettmeis

Eigentleg er ikkje spettmeisa ven med nokon av dei andre. Men på kapellan Sætre sitt fuglebrett er alle fuglar vener. Skjora tek seg og ein tur, Men det er ikkje like populært.

På biletet er det spettmeisa som er den spisse fuglen og blåmeisa som er den kjøttmeisa på kanten. Blåmeisa er ei lita kjøttmeis med blått på seg.

2 kommentarer:

  1. Glømte å skrive kvifor piipii - Martine er her på besøk. Ho fann nokre badeender i badekaret i dag. Bebi sa ho. trudde eg. Men det var biibii eller piipii (pip-pip). Alt ein lærer når ein har ungar i huset.
    Martine er ho lille, ikkje ho store. Ho seier nok fugl - eller blåmeis, kven veit med henne.

    SvarSlett
  2. Er det ikkje kjekt med fuglar vel? Eg lærte meg faktisk korleis svartmeisa ser ut då vi var på besøk hos dykk på Jar. Henne har vi ikkje på vårt fuglebrett.

    SvarSlett