søndag 26. juli 2009

Ferie

Då tek eg mannen min og puttar han inn i bilen og så køyrer me, tja, sørover? Me har med telt, stormkjøkken og div. Det blir kjekt.

Bilete kjem.

Helsing ferietausa.

(Og til dei som no vil bryte seg inn i huset mitt, så er ikkje det så lurt. Eg seier ikkje meir...)

torsdag 23. juli 2009

Margin

- No er det kø bak deg, Kari.
- Ja, men eg køyrer jo i 60, så då må dei berre tåle det.
- Ja, men speedometeret viser 7-10 over, så du kan trygt halde 70, for då køyrer du i ca 60 og polititet kan ikkje ta deg på det, for dei må rekne ein margin på pluss minus...

Korleis skal ein vite kor mykje speedometeret skal vise når ein køyrer i 60-sona då? Kanskje må nokon lage ein formel: Det speedometeret viser + det speedometeret viser for mykje delt på kvadratrota av marginen politiet opererer med +/-.



Fyrste gong eg høyrde om speedometer som viste noko over, var i ein gammal opel ascona. Stakkars bilen, tenkte eg. Ja, han har tent oss menneske godt gjennom ei årrekke. Me får vel bere over med skavankane, tenkte eg.

Men sannheita er at dei aller fleste bilar viser over. Og kvifor? Er det fordi det er vanskeleg å lage nøyaktige målarar? Nei, det er fordi me skal ha ein margin når politiet stend og luskar i buskene med instrumentet sitt.

Dei kan starte med å lage korrekte (som råd) speedometer på bilane, slik at folk kan få forhalde seg til realitetane. Då kan politiet gje bøter til dei som køyrer 61 i 60-sona.

Det er akkurat som dei som stiller klokka to-fem minutt fram, for då trur dei at dei rekk bussen.

Eg likar ikkje ordet margin. Ordet margin er for folk som ikkje klarer å forhalde seg til realitetane.

torsdag 16. juli 2009

Sommarferie

I dag sit PK og arbeider med minneord, talar, andakter og salmesetlar. Eg, derimot, har ferie. Men kva skal ein finne på? Eg har ikkje bil, så eg kan ikkje køyre nokon stad. Og her i bygda må ein nesten ha bil for å kunne fare ein stad. Vêret er ikkje dårleg, men det er liksom ikkje bra heller. Eg trur eg må finne på noko innandørs. I går rydda eg litt i ting som ligg her hos mamma og pappa. Men det vil eg ikkje i dag. Kanskje eg må strikke noko? Det er ganske praktisk å lage julegåvene no. Det er no ein har tid.

Men det er deilig med sommarferie og då. Det å ikkje ha noko å gjere er eit godt teikn eigentleg:)

onsdag 15. juli 2009

GUL

Eg er tante. Til ein fugl, altså. Ein fin nympeparakitt som heiter Gul. Gul har budd hos oss i Hovdebygda nokre dagar medan systra mi og mannen hennar har vore på ferie. I dag skal Gul heimatt. Det gler han (ho?) seg til. Det vert tomt utan Gul. Men gulen vil nok helst heim.

Hade, Gul!

Biletet er litt dårleg. Gul tykkjer ikkje det er så kjekt å stå på utstilling og blitzen gjer han litt skvetten. Men dette er altså Gul.

Brukthandelen min

Eg er glad i loppemarked, bruktbutikkar og liknande. Her ein dag var eg på min faste butikk (secret, secret) og sjå på dei tøffe tinga eg fann:



Dette er ølbrikker. Hehe.. Dei er kjempetøffe. Dei hadde ei heil øskje på butikken. Mannen spurde om eg samla. Nei, sa eg. Men at eg kanskje kunne byrje. Tvilar på det, men dei var i alle fall tøffe. Dei er i papp altså, så det er nok eingongsbrikker.



Den lille. Boksa er kanskje 7cm høg, og det tøffaste (og eklaste) er at det er vaniljesukker oppi boksa. Hehe.. eg anar ikkje kor gammal ho er. Eg kan ikkje hugse dei så små, men ho treng ikkje vere så gammal likevel. Nokon som veit?

Her er alt saman. Eg har fått dilla på gamle sigaøskjer. Eller andre liknande boksar og ting. Mamma og Pappa er på marked i Sverige i dag, og eg ønskte meg boksar. Spent på kva dei finn.


Vekta mi

Eg har jobba eit halvt år no som lærar. Då me skulle rydde klasserom, kontorpultar og arbeidsrom til sommaren, hadde eg ikkje så mykje som mange av dei andre eg jobba saman med. Det var difor kjekt å sjå på alt rot og skrot dei hadde samla oppgjennom åra.


-Vil du ha en vekt? Høyrde eg ein dag me satt å rydda. Det var E, ei dame som eg har jobba på team med no. Ho har vore i bransjen lengre enn eg har levd. Eg ville gjerne ha ei vekt :)


Så søt vekt eg fekk :)

Helgehornet 623 moh

Helgehornet er det dominerande fjellet nokre få km nord for E39 mellom Volda og Ørsta. Helgehornet er eit svært populært turmål, då det er lett tilgjengeleg, og byr på flott utsikt i alle retningar. Vanlegast er det no å køyre opp til skytebana i Sollidalen (ca 270 moh), og gå derifrå etter tydeleg merka sti. Det er også mogleg, men noko lenger, å køyre eller gå skogsveg som startar ved Hovdevatnet, og deretter gå merka sti.
På toppen er det ei radio/TV/kommunikasjonsmast.
Henta frå «http://nn.wikipedia.org/wiki/Helgehornet»

"Det er også mogleg, men noko lenger, å gå skogsveg blabla". Den ruta gjekk eg :)


I går var eg altså på Helgehornet. Det er Fjellet med stor F. Eg er einig at det er eit lite fjell, men det er eit lite, søtt fjell. Det er mitt fjell.


Eg gjekk åleine. PK var ikkje tilgjengeleg og hunden er vorten så sjukt gammal at eg torde ikkje dra han med.


Målet:



Skogsvegen var tiltider svært bratt. Noko som ikkje kjem fram på biletet.

Her er steinen eg tok den fyrste pausa på. Eg åt her eit eple.

Her er utsikt over Volda:
Men Ørsta er finast:


Det som er så greitt med Helgehornet er at ein får veldig bra utsikt etter ikkje så altfor lang tur. Eg kjenner i kneet i dag at eg var på fjellet i går. Kneet mitt er ikkje så glad i å gå på fjellet det. Men augene mine likar det kjempegodt.

tirsdag 14. juli 2009

Ullemi

Hei igjen
Mamma har ein hobby der ho lagar ullfigurar med ein teknikk ein kallar nålefilting. Det er rett og slett toving av ull utan vatn og anna griseri. Mamma har vist meg korleis ho lagar figurar. Det tek nok for alltid før eg kjem opp på same nivå som henne, men eg kosar meg stort med desse figurane. Her er nokre bilete av det eg har laga i sommar:






På grisane og nissane har eg brukt kakeformer og stappa ulla nedi og stukke og stukke med nåla til det vart tova. Etterpå pynta eg figurane med ull. Det er skikkeleg kjekt.

Den øvste snømannen fekk mamma og pappa med meg (føler meg som sju år gammal igjen), men den nederste vil eg ha sjølv ;) Her rullar eg saman ull og stikk her og der og formar ulla slik eg vil ha henne. Julekrybbefigurane nedanfor er laga på same måten.

På bloggen til Mamma kan de sjå figurane hennar og lese meir om teknikken.

mandag 13. juli 2009

Velkomen skal du vere

Dette er min nye blogg. Gøy? Eg la ned den gamle. Slik er det. Brått vert ein vaksen og får andre behov. Denne bloggen vil eg fylle med rusk og rask. Det kjem til å vere ei blanding av handarbeid, bibelanekdotar, bilete og diverse frå hlivet.

Eg håper på mykje respons, slik eg fekk på gamlebloggen.

Snakkast