Viser innlegg med etiketten mobilblogging. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mobilblogging. Vis alle innlegg

tirsdag 5. juli 2011

sommarferie - kafétid

Det er sommarferie. Eg ferierer i eigen by. Eller, det er vel strengt tatt nabobyen. Handlerunde på panduro,musikkhuset,biblioteket og fretex til slutt. No sit eg på "wayne's coffee" på bislet. Blåbærmuffins og vatn. Litt meir nøkternt enn cola og kake på "bare jazz" i sta. Det er herleg med sommarferie altså.
Published with Blogger-droid v1.6.7

mandag 4. juli 2011

utan vatn

Fekk eit brev i posten om at dei skulle stengje vatnet i dag mellom 9 og 15. Heilt greit. Og kjekt å bli informert.

Det minner meg om somrane før i tida. Då røra var så dårlege i ytrehovden at vatnet ikkje rakk opp til oss på toppen. Når mamma høyrde at det surkla i kjøkkenveggen (røra) skunda ho seg å tappe vatn.

Det som er ulikt før og no, er at no fekk me brev. Det gjorde me ikkje i ytrehovden. For i følgje kommunen hadde me jo vatn.
Published with Blogger-droid v1.6.7

søndag 19. juni 2011

og her er han

Published with Blogger-droid v1.6.7

mandag 13. juni 2011

litt kulinari

Likar du kvitvin, Kari?
Eg bruker å svare ja. Men det vil liksom seie at det går ned. Det er betre enn raudvin - og det er ein fin måte å få litt promille på, ein dag ein er i humør til det.

Men om eg likar det? Det smakar framleis gamalt. Eg lengtar aldri etter det. Eg drikk det pga gruppepress vil eg tørre påstå.

Men ein ting likar eg. Eg likar den rare smaken og kjensla som ligg att bak i drøvelen når ein har tatt ein sup.
Published with Blogger-droid v1.6.7

lørdag 28. mai 2011

feiring

Eg sit her på baker hansen på storsenteret og feirar mi vakre svigerinne, synnøve.
Published with Blogger-droid v1.6.7

lørdag 2. april 2011

pinleg

Sit på litteraturhuset. Var nettopp usikker på om det var enkel eller dobbel konsonant i ordet litteratur. Men fann det ut. Flaks
Published with Blogger-droid v1.6.7

tolmod

Eg gjekk inn på kafeen på litteraturhuset for å kjøpe meg eit kakestykke i høve svigerfars 51-årsdag. Det var tydeleg at fleire hadde tenkt akkurat same tanken. Det var vanskeleg å finne ein stad å sitje. Eg vart sitjande midt i lokalet, der innst. På ein krakk med eit like lite bord. Etter ei lita stund vart det ledig innst i lokalet, der innst. Så no sit eg og ser på alle som feirar 51-årsdagen til svigerfar.
Published with Blogger-droid v1.6.7

lørdag 26. mars 2011

earth hour

Me har besøk av herr og fru besteforeldra til pk. Me et pizza og feirar earth hour. No er vel timen over, men her var så koselig liksom.
Published with Blogger-droid v1.6.7

lørdag 12. mars 2011

våren er komen

Våren er komen hit til Jar. Eg har rigga meg til på verandaen med cola, kanelbolle, bok, saudeskinn og pledd. Solbriller rakk eg ikkje finne. Var redd sola var gått ned før eg kom attende. Men kjenner at tøfler må eg nesten prioritere...
Published with Blogger-droid v1.6.7

gleder

Då eg var lita var ein av dei tinga eg likte best med julaftan den tida etter me hadde opna pakkane og eg laga meg ei krå på stova og sat og leika meg med dei fine gåvene eg hadde fått.

Det einaste som slo dette var den tida me faktisk opna desse gåvene.

Dette med at familien var samla var eg så bortskjemd med til kvardags at det tenkte eg ikkje så mykje på.

Sjølv om eg no i dag er meir oppteken av mellommennesklege relasjonar enn materielle goder, har eg enno denne elsken for ei lita krå med noko nytt til meg sjølv.

Etter ei lita handlerunde likar eg å setje meg ned på ein kafe. Her "gjer eg på" det eg har kjøpt meg. Bladar i ei bok, til dømes.

Eg har det jammen sytalaust godt.
Published with Blogger-droid v1.6.7

fredag 11. mars 2011

ein tanke

Ganske sikker på at eg skal kjøpe meg ein sjokolade på narvesen ved nationaltheatret ganske snart.
Published with Blogger-droid v1.6.7

mandag 21. februar 2011

turist i eigen by

Eller, tidlegare by. Eg er strengt tatt ikkje osloværing lenger.

Vinterferie.

Eg tek føre meg gode gamle st.hanshaugen. Fretex - Kjøpte eit herleg koppesett.
Henta fine fargeprøver på ein fargehandel.
Cafe rustique - cola zero og sjokoladekake.

Saknar å bu her. Samstundes som eg stortrivst på Jar som litt vaksnare enn før.
Published with Blogger-droid v1.6.7

søndag 20. februar 2011

haba haba

Såg den berømte haba haba i sta. Typisk Kari å like denne. Zumbadansande KariKari :-) men kva med at den berre er så halvveis? Fin stemme på ho som syng, men litt lite presis. Med ei låt med slike rytmer kunne ein vel fått til litt meir dans? Zumbadansande KariKari kunne nesten vore på den scenen. Nesten
Published with Blogger-droid v1.6.7

lørdag 19. februar 2011

berre ein tur på toalettet.

Eg passar dette sjarmtrollet. Eg tok meg ein tur på do for å bæsje litt. Då eg kom ut att, hadde lillegull funne nokre klistermerker.
Published with Blogger-droid v1.6.7

onsdag 16. februar 2011

middag

Laga så god middag i dag. På biletet ser vel maten ut som kva som helst kafeteriamat, men det var godt, ass.
-Litt salat nedst
-Steikte småpoteter. I omnen litt under ein halvtime. Ha på olje og krydder for du set dei inn.
-Ein avokado
-Litt sukkererter
-Ein steikt laksefilet med sitron og peppar
-Litt tsatsiki (rømme og dipp) vedsidenav

Mangla noko raudt for estetikken sin del.
Published with Blogger-droid v1.6.7

fredag 11. februar 2011

livsfilosofi

Published with Blogger-droid v1.6.7

søndag 6. februar 2011

by night.

Einsemd.
På høgt nivå.
Published with Blogger-droid v1.6.7

onsdag 5. januar 2011

kake

Sjukt mykje godt i boka me fekk av maria og andreas til jul. Her er det bringebærbrownieostekake. Sjukt. Mmm
Published with Blogger-droid v1.6.5

søndag 2. januar 2011

firkanttøfle

No har eg strikka ein tøffel. Skal til å strikke ei til. Kjekt med to.
Published with Blogger-droid v1.6.5

lørdag 1. januar 2011

and she don't care


Julas store aktivitet. Spelet ticket to ride

Det er eit kjekt spel. Enkle reglar, litt strategi, vel vanskegrad sjølv, og høve til å øydeleggje for andre dersom det går dårleg med ein sjølv.

Eg er ofte raud, men trivst også med andre fargar, som gul eller blå.

Reglane er enkle:
Som settlers, berre at det er berre vegar, berre at vegane er togbaner. Du har eit fast oppdrag, og du kan byggje der du vil berre du har råstoff til det. Råstoff er berre farga kort ein trekk to av når det er eins tur.

No skal eg gå å ete litt godt før middag.
Published with Blogger-droid v1.6.5