søndag 19. juni 2011

og her er han

Published with Blogger-droid v1.6.7

Å ha ein veranda

Det kan regne, og likevel er verandaen min like tørr. Det er fordi den har tak. Det hadde du ikkje trudd. Men sånn er det.

Ein veranda med tak.
Ein veranda her bak.
Ein veranda med tak.
Ein veranda utan brak.
Ein veranda med fuglesong, naboungar som spelar fotball i nærleiken.
Ein veranda i går - ein veranda i dag.
Kanskje i morgong òg, dersom ein er heldig (og det plar eg vere).

mandag 13. juni 2011

litt kulinari

Likar du kvitvin, Kari?
Eg bruker å svare ja. Men det vil liksom seie at det går ned. Det er betre enn raudvin - og det er ein fin måte å få litt promille på, ein dag ein er i humør til det.

Men om eg likar det? Det smakar framleis gamalt. Eg lengtar aldri etter det. Eg drikk det pga gruppepress vil eg tørre påstå.

Men ein ting likar eg. Eg likar den rare smaken og kjensla som ligg att bak i drøvelen når ein har tatt ein sup.
Published with Blogger-droid v1.6.7

søndag 12. juni 2011

Kva er vel kjekkare enn mold?

I dag opna eg den store sekken med mold eg kjøpte på hagesenter for litt sidan. Eg fylte nokre potter med mold og putta oppi frø. Eg har sådd gulrøter, sukkererter og ein blomsttype eg ikkje hugsar namnet på. Eg har aldri sådd før, så dette vert eit fint prosjekt.




Dersom eg hugsar det, skal eg oppdatere dykk på korleis det spirar/ikkje spirar.
Sjåast, gode vener.
Helsing gartnar Kari

mandag 6. juni 2011

vår - sommar

Det er juni.
Det er sommar.

Eg har nytt hagebord på verandaen.
Eg likar det.

I går var det sol.
I dag er det regn.
I morgon vert det sikkert sol igjen.

I dag skal eg spele konsert med storbandet mitt.
I morgon er det sommaravslutning i 2A.



Det er snart ferie.
Laaang ferie.

6 bryllaup og
1 sydentur.

Cola og is.