For augneblinken held eg på med "Saman er ein mindre aleine" av Anna Gavalda. Dette er ei fin bok. Eg er halvvegs, men det seier litt om boka. For ho er på litt over 600 sider, så eg har lest 300 og er nøgd.
Ho handlar om nokre unge vaksne som er åleine i verda. Dei har sine ting å stri med og dei er svært ulike. Men litt like òg. Damebok.
Eg har sett filmen, men tykte den var litt trøtt.
Boka eg leste før det var "Potensgiverne" av Karin Brunk Holmqvist. Artig bok. 2 eldre systre som bur saman i barndomsheimen. Ugifte. Dagane gjeng og desse to damene er slike ein kan stille klokka etter. Alt gjeng på autopilot. Heilt til den dagen.... hehe.. det flyttar inn ein nabo. Ein ung mann på berre nokre og 60 år. Då reiser damene til byen og kjøper seg nye kjolar. Dei finn òg på å skaffe seg vassklosett, slik som naboen har. Tittelen seier litt om korleis dei skaffar pengar til dette. Ei festleg bok.

Ei bok ein kan dømme på utsjånaden.
Før der i gjen leste eg Øya av Victoria Hislop. Eg likte den boka òg. Leprakoloni på Kreta. Om landsbyen som ligg ved denne øya der alle dei spedalske vert sendt. Livet på denne Øya og div kjærleikshistorier.
Utprega damebok. Ikkje nokon spenningsroman, men ei fin historie om eit litt meir uvanleg tema.
Kanskje eg kan låne den potensgiverne av deg ein gong? Elles så er du artig, og veldig flink som oppdaterar blogg utan internett. Eg har heller ikkje internett, og ein ser kor det går.
SvarSlett