onsdag 26. august 2009

Klasseregler

- Hva er egentlig en regel?
- Det er noe de voksne sier at vi skal gjøre.
- Det kan jo også være barn som lager reglene. Kan du si meg en regel vi har?
- At det ikke er lov å plystre i klasserommet.
- Hva hadde skjedd om vi ikke hadde regler da?
- Da hadde det vært lov å plystre.

Her kjem eit til

I dag sat ein av gutane mine på golvet i garderoben. Det hadde vore mykje styr med sekkane. Det viste seg at elev a hadde teke sekken til elev b, som hadde teke sekken til elev c, som hadde teke sekken til elev a etter me hadde leika ved kyrkja i dag. Guten sat altså på golvet med sekken sin. Det hadde regna og han heldt på å pakke ned det gule trekket ein kan ha utanpå sekken sin når det regnar (det var nok difor elevane hadde teke feil sekkar på veg heim også). Medan han sat der såg han opp på meg og sa: "Jeg lurer på hva man egentlig skal med en rektor".

tirsdag 25. august 2009

Gullkorn frå ein 1. klassing

Det er svært gildt å ha skulen så nær kyrkja og kyrkjgarden. Det er meir filosofiske seksåringar som går over ein kyrkjegard enn dei som gjeng over ei fotballbane eller eit lyskryss.

"Se på alle de fine begravelsene"
"Se, det må være begravelsen til Jesus, for det er sånn kors på"
Ei som forstod at det ikkje var Jesus sin begravelse (grav) lurte på kvar begravelsen til Jesus eigentleg var.
Seinare sa ho det beste:

"Oppe i Himmelen, der hvor Jesus og Gud - og foreldrene deres - bor, der er det veldig fint."

Eg er svært takksam for å ha kyrkjegarden så nær skulen. I fjor sa ein av andreklassingane mine:
"De derre korsene er sikkert litt billigere" (han meinte dei trekorsa som stend på grava før steinen er komen på plass"

Er det nokon prestar som les? Eg har eit råd til skulegudstenestene. Heng opp salmane som vert brukt på tavla framme. Elevane spør kva den er til. Keisamt å svare "På ei VANLEG gudteneste heng nr på salmane der" eller "det er salmane frå den SKIKKELEGE gudstenesta som var på søndag". Er de med, prestespirane der ute?

Ha ein fin dag

lørdag 15. august 2009

Oioioi

Blogginspirasjon blogginspirasjon...

Hei, no var det lenge sidan. Eg har ikkje vore på ferie til no. Turen varte i tre dagar. Bilete kjem (kanskje). Eg har ikkje vore så mykje på nettet i det siste. Det har ikkje vore heilt tilgjengeleg her heime. Me har hatt ei datamaskin som virka, men der har ikkje internett virka. Og den dataen der internett virka, tok seg ei velfortent pause. Men no har me eit litt ustabilt kasus som kan klare litt facebook og litt blogging innimellom. Elles har eg nett på jobb, men der er det anna å ta seg til.

Fyrsteklassingane kjem på mandag. Då skal dei ha alle skrivebøker, meldingsbøker, navneskilt i alle variantar og diverse på veggane, halvårsplanar og periodeplanar til undervisninga, rett antal pultar og stolar rett plassert og jammen skal ikkje klasserommet vere fint og triveleg og læraren budd også. Så eg har hatt å gjort denne veka, for å seie det slik. Eg har laminert, klipt, laminert, limt, stifta, laminert, kopiert (både i farge og svart/kvitt) og sa eg laminert? Men eg gler meg. Eg fekk det minste klasserommet, men om elevane sit roleg, har me god plass der inne. Det vert koseleg.

I kveld har eg sett sex and the city - the movie, og gret i lag med dei, jentene eg har vorte så glad i i det siste. Men eg er ikkje trygg på han der Big. No good. Menmen.

Me snakkast, adios amigos