Viser innlegg med etiketten Livet og ting som hender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Livet og ting som hender. Vis alle innlegg

tirsdag 22. februar 2011

Gler meg

Kanskje får eg oppleve dette torsdag. mmm



Dagtid kl 12 – kl 18

Delvis skya11°Lett bris, 5 m/s frå vest-nordvest
Delvis skya. Lett bris, 5 m/s frå vest-nordvest. 0 mm nedbør.


De


fredag 18. februar 2011

Vinterferie

Det er fredag. Eg er ferdig med skidag, skøytedag og anna aktivitet. Eg har teke med klassebamsen Lacy heim. Eg er lærar, og det er klart for vinterferie. 


Kva skal eg finne på denne veka? Eg har høve til å gjere nesten kva som helst. Og eg tek gjerne i mot forslag.

Frykt: å sitje søndagen og kjenne på at eg ikkje har brukt ferien til noko fornuftig.

Dette har eg lyst til:
- fare på ikea og kjøpe förhöja-hyller og henge dei opp på stoveveggen litt sånn tilfeldig slik at det blir stilig. Ha litt forskjellig i dei.
- gå på skøyter. Kanskje kjøpe meg ein skikkelig hjelm og lære meg å dette.
- reise til Paris. Det kan late seg gjere
- søstrene Grene, kremmerhuset og åhléns
- lage trappa opp og gangen oppe koseleg
- sy på symaskin
- ski?
- bake brød
- brodere på husputa mi
- trene på elixia
- passe Martine (noko eg gjer i skrivande stund)



onsdag 28. juli 2010

baker hansen

Hei igjen mine gode vener.
Her sit eg, på Baker Hansen på storsenteret mitt i Sandvika.
Her er internett. Med passord som eg og datan min kan.

I sta kom det ein (kjekk) fyr bort til meg (fordi eg sit attmed der ein finn serviettar og bestikk) og sa "søt". Men det var ikkje til meg. Eller det var til meg. Men det var ikkje om meg. Eg har ein konkurrent her. Datan min, så klart. Den er søt den. Er ikkje så verst sjølv heller, eigentleg, men det får vere eit anna blogginnlegg.

Baker Hansen, ja. Her sit eg. parkeringa gjeng ut om 2 timar, så....
her sit eg.

søndag 11. juli 2010

Ein tur til fagre Sunnmøre

Denne veka var me ein tur til heimbygda. Me køyrde opp i den nye bilen vår og Karin sat på. Heime har me gjort lite, men likevel litt forskjellig. Ein dag var me ein tur ut på Runde. Det var svigerforeldra mine som lurte på kva me skulle finne på. Eg sa at eg er med på kva som helst dersom det inneheld ein softis. Og det fekk eg :)

Her er nokre bilete frå Runde:

bilete 052 019

 

bilete 052 021

Svigerinne og svigermor og svigerhunden

bilete 052 027 Her er Laika – Svigerhunden min.

bilete 052 036

Fuglefjellet 

Det er fint når det er fint. Det er alt eg kan seie. Me var òg på besøk med systera mi. Me åt taco og spelte settlers. Her er utsikt frå stovevindauget hennar:

bilete 052 042

Mamma og Pappa har eit feriehus i Fiksdalen. Her var me ein snartur før me køyrde tilbake til Osloen vår. PK får vener overalt

bilete 052 047

Dette biletet vart teke då Mamma, hunden Fredrik, PK og eg var på ettermiddagstur på laurdag.

bilete 052 057

Og her er dei 2 andre turgåarane.

bilete 052 062

Her er sjefen over huset i Fiksdalen :)

 

Til slutt kjem ein kavalkade eg tok på køyreturen heim. Det vert fine bilete med eit aldri så lite kompaktkamera utgjennom frontruta på bilen. Hehe :)

 

bilete 052 073 bilete 052 077 bilete 052 087 bilete 052 090 bilete 052 092 bilete 052 096

take care, folks

fredag 2. juli 2010

Sommar

Det er så fint her. Me utset turen til Sunnmøre med ein dag, for det er meldt betre vêr her. Det er ikkje uvanleg då, men. So søndag set me oss i den nye bilen vår (har eg sagt at me har kjøpt bil, hehe) og køyrer oppover.

No er det helg. Kanskje får me flytta nokre ting i dag. Eg er flink å pakke, men leilegheita vert så full av det.

Med dette reklamebiletet vil eg ynskje dåkke alle ei god helg!

mandag 28. juni 2010

Skrotnisse

Eg trur det bur ein skrotnisse her i huset eg bur i no. I ryddinga/flyttinga har eg samla ein del ting som eg ikkje vil ha lenger. Eg tenkte andre menneske kunne få det. Hehe. Men det meste er eigentleg skikkelege ting, men som eg berre ikkje vil ha lenger.


I går sette eg ut ein sånn stamp med ting pluss ein ikeapose med gamle sko og nokre heimesydde vesker. Etter nokre timar var stampen vekk. Og på kvelden stod ikeaposen der (men han var berre halvfull no). Eg tenkte at det fekk stå over natta og at eg skulle kaste det morgonen etter. Men i dag tidleg var posen også vekke. Det kan sjølvsagt hende at søppelmannen tok det, for det stod nært søpla og søpla var tømt i dag. Men hvis ikkje, lurer eg veldig på kven som ville ha alt skrotet mitt. Eg har meir skrot. Lurer på om eg skal setje det ut også.


Dersom eg held fram, vert det lett å flytte :)

Bilen min

Som de alle har fått med dåkke, har då PK og eg kjøpt oss vår første bil. Det er ein golf. Litt svær ein, om eg må sei det sjølv.

I dag eg på min første Oslokøyretur. Eg hadde eit ærend på jobb (levere nokre permar og hente jobbdataen min) og tok fatt. Eg køyrde både Pilestredet, Majorstukrysset, Smestadkrysset, ring 3 med meir. Eg hadde full kontroll. Eg er ein super sjåfør berre eg får ha bilen, augene, tankane og vurderingsevna for meg sjølv.

Då eg kom heim visste eg at ei lukeparkering måtte til. Eg køyrde nabolaget rundt etter ei lita luke. Det var ikkje lett. I gå (men då var det søndag) formiddag, var det kanskje 5 ledige berre i gata mi. Men ikkje i dag, nei. Eg fann ei til slutt. Nærare huset til Maria og Andreas enn mitt eige, men det får vere. eg trur det var andre forsøket og bilen var i luka (men ein del fram og tilbake inne i luka sjølvsagt. Eg parkerte mellom ein Volvo og ein Rover. Berre for å gjer det liksom (hadde ikkje noko val).

Her ser de bilete av luka, bilen, bilen bak og bilen framom.

Eg må seie at dei 2 andre bilane står like langt uti vegen som meg :)
Luka såg brått stor ut. Her er avstanden mellom dei 2 andre bilane.


Er eg ikkje flink?

fredag 25. juni 2010

Flyttekaos

Hei
Eg er eigentleg veldig glad i å flytte. Likar å pakke og sortere tinga mine. Likar å få oversikt over alt rotet eg har samla på oppgjennom og det gjev meg ei glimrande anledning til å kvitte meg med ting og rusk og rask.

Sjølv om eg ikkje veit når eg eigentleg skal til å flytte, har eg alt begynt å pakke. bøker i banankasser, og lenger har eg ikkje komt.


Me held på å kjøpe oss bil. Det vil seie, me eig ein bil, men har ikkje fått han enno. Grunnen til det er at banken er så trasige. Mandag var alt såre enkelt. Dei trengde berre 2 signerte dokument scanna og sendt på mail. i går kl 1500 trengde dei litt meir. Då måtte me òg printe ut nokre greier, signere det og scanne det til dei (me har korkje printer eller scanner heime, så dette må gjerast på dagtid). I dag, kl 1600 måtte dei visstnok ha originalar sendt i posten. Dette er til å grine av, noko me også har gjort.

Me skal i bryllaup i helga og vil gjerne køyre dit. So no er det smisking med bilselgar om at dokumenta han har fått frå banken er garantert pengar til han over helga. Men han er skeptisk (det har han lov å vere), så me må overbevise han om at alt er trygt.

Så på mandag skal banken få høyre at sånn går det ikkje an å gjere.

Men eg pakkar og prøver å innbille meg sjølv at eg snart skal flytte. No skal eg besøke mi gode veninne Malin og ete middag saman med henne.


Snakkast!

torsdag 24. juni 2010

Godt nyttår

Eg har ikkje skrive sidan i fjor.
Men no er eg ein lærar med sommarferie.


No om dagen driv eg og pakkar. PK (mannen min) har fått jobb og me skal flytte rett ut av Oslo. Det vert spennande. Større plass får me og me har nettopp kjøpt oss bil. Denne skal me hente i morgon. Då har eg fått beskjed om å ha med favorittcden min. No har det seg slik at eg har pakka cdane, men trur eg skal grave fram ein. Lurer på om det vert denne.


Då håper eg på mange lesarar og mange kommentarar.

Helsing Kari






lørdag 15. august 2009

Oioioi

Blogginspirasjon blogginspirasjon...

Hei, no var det lenge sidan. Eg har ikkje vore på ferie til no. Turen varte i tre dagar. Bilete kjem (kanskje). Eg har ikkje vore så mykje på nettet i det siste. Det har ikkje vore heilt tilgjengeleg her heime. Me har hatt ei datamaskin som virka, men der har ikkje internett virka. Og den dataen der internett virka, tok seg ei velfortent pause. Men no har me eit litt ustabilt kasus som kan klare litt facebook og litt blogging innimellom. Elles har eg nett på jobb, men der er det anna å ta seg til.

Fyrsteklassingane kjem på mandag. Då skal dei ha alle skrivebøker, meldingsbøker, navneskilt i alle variantar og diverse på veggane, halvårsplanar og periodeplanar til undervisninga, rett antal pultar og stolar rett plassert og jammen skal ikkje klasserommet vere fint og triveleg og læraren budd også. Så eg har hatt å gjort denne veka, for å seie det slik. Eg har laminert, klipt, laminert, limt, stifta, laminert, kopiert (både i farge og svart/kvitt) og sa eg laminert? Men eg gler meg. Eg fekk det minste klasserommet, men om elevane sit roleg, har me god plass der inne. Det vert koseleg.

I kveld har eg sett sex and the city - the movie, og gret i lag med dei, jentene eg har vorte så glad i i det siste. Men eg er ikkje trygg på han der Big. No good. Menmen.

Me snakkast, adios amigos

torsdag 16. juli 2009

Sommarferie

I dag sit PK og arbeider med minneord, talar, andakter og salmesetlar. Eg, derimot, har ferie. Men kva skal ein finne på? Eg har ikkje bil, så eg kan ikkje køyre nokon stad. Og her i bygda må ein nesten ha bil for å kunne fare ein stad. Vêret er ikkje dårleg, men det er liksom ikkje bra heller. Eg trur eg må finne på noko innandørs. I går rydda eg litt i ting som ligg her hos mamma og pappa. Men det vil eg ikkje i dag. Kanskje eg må strikke noko? Det er ganske praktisk å lage julegåvene no. Det er no ein har tid.

Men det er deilig med sommarferie og då. Det å ikkje ha noko å gjere er eit godt teikn eigentleg:)

onsdag 15. juli 2009

Helgehornet 623 moh

Helgehornet er det dominerande fjellet nokre få km nord for E39 mellom Volda og Ørsta. Helgehornet er eit svært populært turmål, då det er lett tilgjengeleg, og byr på flott utsikt i alle retningar. Vanlegast er det no å køyre opp til skytebana i Sollidalen (ca 270 moh), og gå derifrå etter tydeleg merka sti. Det er også mogleg, men noko lenger, å køyre eller gå skogsveg som startar ved Hovdevatnet, og deretter gå merka sti.
På toppen er det ei radio/TV/kommunikasjonsmast.
Henta frå «http://nn.wikipedia.org/wiki/Helgehornet»

"Det er også mogleg, men noko lenger, å gå skogsveg blabla". Den ruta gjekk eg :)


I går var eg altså på Helgehornet. Det er Fjellet med stor F. Eg er einig at det er eit lite fjell, men det er eit lite, søtt fjell. Det er mitt fjell.


Eg gjekk åleine. PK var ikkje tilgjengeleg og hunden er vorten så sjukt gammal at eg torde ikkje dra han med.


Målet:



Skogsvegen var tiltider svært bratt. Noko som ikkje kjem fram på biletet.

Her er steinen eg tok den fyrste pausa på. Eg åt her eit eple.

Her er utsikt over Volda:
Men Ørsta er finast:


Det som er så greitt med Helgehornet er at ein får veldig bra utsikt etter ikkje så altfor lang tur. Eg kjenner i kneet i dag at eg var på fjellet i går. Kneet mitt er ikkje så glad i å gå på fjellet det. Men augene mine likar det kjempegodt.