lørdag 26. mars 2011

earth hour

Me har besøk av herr og fru besteforeldra til pk. Me et pizza og feirar earth hour. No er vel timen over, men her var så koselig liksom.
Published with Blogger-droid v1.6.7

lørdag 12. mars 2011

våren er komen

Våren er komen hit til Jar. Eg har rigga meg til på verandaen med cola, kanelbolle, bok, saudeskinn og pledd. Solbriller rakk eg ikkje finne. Var redd sola var gått ned før eg kom attende. Men kjenner at tøfler må eg nesten prioritere...
Published with Blogger-droid v1.6.7

gleder

Då eg var lita var ein av dei tinga eg likte best med julaftan den tida etter me hadde opna pakkane og eg laga meg ei krå på stova og sat og leika meg med dei fine gåvene eg hadde fått.

Det einaste som slo dette var den tida me faktisk opna desse gåvene.

Dette med at familien var samla var eg så bortskjemd med til kvardags at det tenkte eg ikkje så mykje på.

Sjølv om eg no i dag er meir oppteken av mellommennesklege relasjonar enn materielle goder, har eg enno denne elsken for ei lita krå med noko nytt til meg sjølv.

Etter ei lita handlerunde likar eg å setje meg ned på ein kafe. Her "gjer eg på" det eg har kjøpt meg. Bladar i ei bok, til dømes.

Eg har det jammen sytalaust godt.
Published with Blogger-droid v1.6.7

fredag 11. mars 2011

ein tanke

Ganske sikker på at eg skal kjøpe meg ein sjokolade på narvesen ved nationaltheatret ganske snart.
Published with Blogger-droid v1.6.7

onsdag 2. mars 2011

Big vs Aidan

Eg er sjuk og heime frå jobb. Ser TV.
Kven heia dåkke på? Big eller Aidan?
Eg likte best Aidan. mmm.... flott fyr.

Ting eg likar, som eg har, men som ikkje er naudsyne for eit godt liv.

- postkort
- høve til å kjøpe kaffi mokka på bakeriet på jarhuset
- 2 etasjer
- værmelding
- telys
- kanskje litt over snittet med språkkompetanse i norsk
- å ha eit ryddig kott
- koppen min med lille My på
- tulipanar (har ikkje for augneblinken)