Det er lillejulaftan. Eg skal til å gå å legge meg. Men eg måtte berre setje meg ned litt. Setje meg ned å sjå. Sjå på jula. I huset mitt.
Ull-Josef og -Maria sit på same måten som meg. Dei ser. Dei bryr seg katten om stova mi. Dei sit og ser på ull-Jesusbarnet som Josef held i armane sine. Dei undrar seg. Kven er dette? Kvifor har akkurat me fått denne sonen?
Blånissejenta har krabba op og sett seg i potta til amaryllisen.
Julekorta med bilete av kjekke ungar på.
Eg ser også på det mest iaugnefallande i heile stova vår denne kvelden. Det nye, vakre juletreet. Det er eit pent og venleg tre. Ei edelgran. Litt mindre enn akkurat passe, men akkurat passe likevel. Me har pynta med julekuler frå ikea, julelys frå smart club, julestjerne frå jernia. juletelefonen eg kjøpte på julebutikken på Skei då me var i gullbryllaup til Snefrid og Sigmund for litt over to år sidan. Ein trenisse som liknar på V. Mørk som var/er (vere skal?) tysklærar på ungdomsskulen vår. Elles heng det julepynt eg har kjøpt no i desember på treet. Pene ting som til dømes ein gyngehest, ein pepperkakemann, ein bamse og ein sprellemann. Juletreet stend i kråa med vindu på begge veggane. Juletreet speglar seg i vindauget. Me har nesten tre tre, og ikkje berre éitt.
Eg ser på TV-en vår. I morgon er det snikker Andersen (se på'n, er'n itte lang?), tre nøtter til Askepott (vår Askepott. Og min også. Hvis du vil ha meg da), og den koselege bibel-relaterte filmen om Johanna som skal få seg ein lillebror og mormor og morfar på landet og bensinstasjonen og sparken og dei brende julekakene. Og sjølvsagt lillebroren som vert fødd, på sjølvaste julafta. Han og Jesus.
Ved sidan av TV-en stend det tre boksar. Det er ikkje hemmeleg (lenger) kva som er i boksane. Det er godteri til Øystein, Per Kristian og meg. Det er juletradisjon Per Kristian har vokse opp med. Slike tradisjonar tek me sjølvsagt med oss vidare. Svigermor sende ned boksane til oss - med innhald.
Eg ser på spisestua vår. Med den nye juleduken. Med adventsstaken som har fått kvite lys og vorte julestake. Med juleengelen eg fekk av klassa mi til jul i fjor. Med skåla med julekarameller. Her skal me ete frukost, graut, middag og dessert i morgon. Kvelds blir det nok ikkje.
Eg ser òg på gåvene under treet. Eg gjer det.
God jul alle saman.
Hourly Printable Daily Calendar Template
for 4 år siden
Så koselig og julete dokke he laga det i stova. Skikkelig fint er det ! Tenkt dokka første juletre !! Glede meg til dokke kjem i romjula. Då skal dokke få sjå på vår julepynt og det "flotte" treet far din fann i farta bortom garden :) hihi
SvarSlettØnske dokke ei velsigna God Jul :)
Har Pappa vore på tokt igjen? Gler meg eg òg.
SvarSlett