torsdag 12. august 2010

bøkene mine

Her kjem bokmeldingar:

For augneblinken held eg på med "Saman er ein mindre aleine" av Anna Gavalda. Dette er ei fin bok. Eg er halvvegs, men det seier litt om boka. For ho er på litt over 600 sider, så eg har lest 300 og er nøgd.
Saman er ein mindre aleine - Anna Gavalda

Ho handlar om nokre unge vaksne som er åleine i verda. Dei har sine ting å stri med og dei er svært ulike. Men litt like òg. Damebok.
Eg har sett filmen, men tykte den var litt trøtt.

Boka eg leste før det var "Potensgiverne" av Karin Brunk Holmqvist. Artig bok. 2 eldre systre som bur saman i barndomsheimen. Ugifte. Dagane gjeng og desse to damene er slike ein kan stille klokka etter. Alt gjeng på autopilot. Heilt til den dagen.... hehe.. det flyttar inn ein nabo. Ein ung mann på berre nokre og 60 år. Då reiser damene til byen og kjøper seg nye kjolar. Dei finn òg på å skaffe seg vassklosett, slik som naboen har. Tittelen seier litt om korleis dei skaffar pengar til dette. Ei festleg bok.

Ei bok ein kan dømme på utsjånaden.

Før der i gjen leste eg Øya av Victoria Hislop. Eg likte den boka òg. Leprakoloni på Kreta. Om landsbyen som ligg ved denne øya der alle dei spedalske vert sendt. Livet på denne Øya og div kjærleikshistorier.
Utprega damebok. Ikkje nokon spenningsroman, men ei fin historie om eit litt meir uvanleg tema.

Google er gøy

Her er eit usakleg googletips:

Gå på bildesøk og skriv "bilde". Då får ein alt mogleg. Og då meiner eg alt, så dette er ikkje for sarte sjeler.

veldig mange bilder som heiter "bilde" kanskje img og det også er fint. Det må eg teste ut.

Eg les ei bok no om ei jente som er så flink å teikne. Eg har aldri vore flink å teine. Trur til og med mamma må innrømme det no. Eg er glad i motiv, men er ikkje kunstnar sjølv på dette området. Ikkje er eg ein kløppar i foto heller, men likar å knipse av ymse motiv (fargar, eksponering, kvitbalanse og sånn bryr ikkje eg og Canon ixus oss om). Kanskje finn eg fine motiv på googlesøket mitt.

kjekke ting

Eg er kan hende litt materialistisk, sidan eg bloggar om ting eg eig. Men til mitt forsvar er det ganske stusselege ting eg gledar meg over. Affeksjonsverdi eller berre små rare ting eg likar.

Her er to nye ting eg har kjøpt til stova mi:

Ein puff som ein både kan sitje på og liggje på:


Pappa sin kommentar må eg berre skrive her:
"E de en sånn poff so en sitte å sige utøve på?"

Synnøve er den einaste som har sove på puffen (med unntak av middagskvildene våre). Trur ikkje det er engleseng, men sikkert betre enn golv.
Puffen er kjøpt på Åhlens.

Den andre tingen er bladkorga mi. Denne er kjøpt på Søstrene Grene. Ein relativt artig butikk ein kan finne jaffal på Karl Johan og på Sandvika Storsenter.



Her oppi har eg eg blad og brosjyrer det kan vere interessant å bla gjennom (dette er ikkje staden å dumpe bohusreklamer og gamle utgåver av Vårt Land).

Bladkorga er plassert mellom dei to gyngestolane og det er svært passeleg, meiner eg sjølv.

I bakgrunnen ser de forøvrig dei nye hagemøblane våre. Guri kor vaksne me kjende oss då me køyrde heim frå plantasjen med hengar på bilen og hagemøblar og grill bak på.

på tokt hjå Besta

Det er kjekt å ha ei bestemor som heiter Besta. Det er også kjekt at Besta har eit stort hus det har budd litt folk i. Nokre av dei som har budd her er til dømes Pappa, men det er vel ikkje så rart.

Eg var på besøk hjå Besta ein dag i ferien då eg var på Sunnmøre. Då tok me oss ein tur på loftet. Til og med på mørkeloftet var me. Det var PK, eg og Besta.

Her fann me det eg ville ha (for det låg ein intensjon bak akkurat dette besøket). Det var eit par gyngestolar bestefaren min har laga. Han var møbelsnikkar i si tid. Eg har aldri treft han. Han er død, og det har han vore sidan Pappan min var litt for ung til å miste pappan sin.

Men han har sett spor etter seg. I allefall på loftet heime hjå Besta. Der er møblar han har laga i kvar ei krå.


Gyngestolane står no ved altandøra mi i det nye huset mitt. Dei skal nok pussast, malast og kanskje trekkast om ein dag. Eg må berre lære det fyrst. Men eg har det jo i blodet.


I eit skap på loftet til Besta sto denne retro stoppeklokka. Trikset heime hjå Besta er å seie: "Denne var fin/tøff/stilig/kjekk" etc ca tre gonger, og så seier Besta: "Off! Vil du ha den? Det er berre noko gammalt skrot"

Eg er glad i Besta - ikkje berre fordi ho har eit hus, men fordi ho er Besta mi :)

fredag 6. august 2010

ikkje gi opp, kjære lesarar

Eg har ikkje internett heime, og Blærum kommune er treige, så kven veit når det skjer at eg får internett i huset mitt.

Men eg er i bloggemodus. Det er berre litt vanskeleg.

snufs...