torsdag 12. august 2010

på tokt hjå Besta

Det er kjekt å ha ei bestemor som heiter Besta. Det er også kjekt at Besta har eit stort hus det har budd litt folk i. Nokre av dei som har budd her er til dømes Pappa, men det er vel ikkje så rart.

Eg var på besøk hjå Besta ein dag i ferien då eg var på Sunnmøre. Då tok me oss ein tur på loftet. Til og med på mørkeloftet var me. Det var PK, eg og Besta.

Her fann me det eg ville ha (for det låg ein intensjon bak akkurat dette besøket). Det var eit par gyngestolar bestefaren min har laga. Han var møbelsnikkar i si tid. Eg har aldri treft han. Han er død, og det har han vore sidan Pappan min var litt for ung til å miste pappan sin.

Men han har sett spor etter seg. I allefall på loftet heime hjå Besta. Der er møblar han har laga i kvar ei krå.


Gyngestolane står no ved altandøra mi i det nye huset mitt. Dei skal nok pussast, malast og kanskje trekkast om ein dag. Eg må berre lære det fyrst. Men eg har det jo i blodet.


I eit skap på loftet til Besta sto denne retro stoppeklokka. Trikset heime hjå Besta er å seie: "Denne var fin/tøff/stilig/kjekk" etc ca tre gonger, og så seier Besta: "Off! Vil du ha den? Det er berre noko gammalt skrot"

Eg er glad i Besta - ikkje berre fordi ho har eit hus, men fordi ho er Besta mi :)

1 kommentar:

  1. Heia Kari ! Ja, du he nå ei kjekke Besta, du ! Ej skal vise ne bildet ein dag, viss ho kjem opp :)))) hihi

    Fint og vakse du he det !

    klem

    SvarSlett