onsdag 28. juli 2010
baker hansen
Her sit eg, på Baker Hansen på storsenteret mitt i Sandvika.
Her er internett. Med passord som eg og datan min kan.
I sta kom det ein (kjekk) fyr bort til meg (fordi eg sit attmed der ein finn serviettar og bestikk) og sa "søt". Men det var ikkje til meg. Eller det var til meg. Men det var ikkje om meg. Eg har ein konkurrent her. Datan min, så klart. Den er søt den. Er ikkje så verst sjølv heller, eigentleg, men det får vere eit anna blogginnlegg.
Baker Hansen, ja. Her sit eg. parkeringa gjeng ut om 2 timar, så....
her sit eg.
onsdag 21. juli 2010
eit kjekt bord
Her har eg kjøpt meg eit kjekt bord. Det er litt lite, men akkurat stort nok til å spele settlers på det, så det kvalifiserer til salongbord (PK var først skeptisk).
Det har hylle under til aviser og datamaskina mi. Det er litt slitt på bordplata, men eg likte det kjempegodt.
Her er eit bilete av bordet. Bordet stend ved puffen min. Puffen kjøpte eg på bruktbutikk i Ørsta. Kjekk plass det også. Puffen har eg faktisk trekt opp heilt sjølv :)
Biletet er teke ein Torsdag eg var i nyehuset mitt for å vente på Ikea og ein mann med eit kjøleskap (som me kjøpte brukt på El-vare på Sagene ). På bordet stend ei skål sjokolade og eit glas brus (til meg).
la baguette på oslo s
La baguette på oslo s har dei internett. Ein annan ting dei har, er ei bokhylle med bøker andre har lagt frå seg, som ein kan ta, lese og så leggje henne frå seg ein annan stad. det er visst ei nettside som heiter www.bookcrossing.com.
Så her sit eg.
lørdag 17. juli 2010
huset mitt
søndag 11. juli 2010
Ein tur til fagre Sunnmøre
Denne veka var me ein tur til heimbygda. Me køyrde opp i den nye bilen vår og Karin sat på. Heime har me gjort lite, men likevel litt forskjellig. Ein dag var me ein tur ut på Runde. Det var svigerforeldra mine som lurte på kva me skulle finne på. Eg sa at eg er med på kva som helst dersom det inneheld ein softis. Og det fekk eg :)
Her er nokre bilete frå Runde:
Svigerinne og svigermor og svigerhunden
Her er Laika – Svigerhunden min.
Fuglefjellet
Det er fint når det er fint. Det er alt eg kan seie. Me var òg på besøk med systera mi. Me åt taco og spelte settlers. Her er utsikt frå stovevindauget hennar:
Mamma og Pappa har eit feriehus i Fiksdalen. Her var me ein snartur før me køyrde tilbake til Osloen vår. PK får vener overalt
Dette biletet vart teke då Mamma, hunden Fredrik, PK og eg var på ettermiddagstur på laurdag.
Og her er dei 2 andre turgåarane.
Her er sjefen over huset i Fiksdalen :)
Til slutt kjem ein kavalkade eg tok på køyreturen heim. Det vert fine bilete med eit aldri så lite kompaktkamera utgjennom frontruta på bilen. Hehe :)
take care, folks
fredag 2. juli 2010
Sommar
No er det helg. Kanskje får me flytta nokre ting i dag. Eg er flink å pakke, men leilegheita vert så full av det.

Med dette reklamebiletet vil eg ynskje dåkke alle ei god helg!