Som de alle har fått med dåkke, har då PK og eg kjøpt oss vår første bil. Det er ein golf. Litt svær ein, om eg må sei det sjølv.
I dag eg på min første Oslokøyretur. Eg hadde eit ærend på jobb (levere nokre permar og hente jobbdataen min) og tok fatt. Eg køyrde både Pilestredet, Majorstukrysset, Smestadkrysset, ring 3 med meir. Eg hadde full kontroll. Eg er ein super sjåfør berre eg får ha bilen, augene, tankane og vurderingsevna for meg sjølv.
Då eg kom heim visste eg at ei lukeparkering måtte til. Eg køyrde nabolaget rundt etter ei lita luke. Det var ikkje lett. I gå (men då var det søndag) formiddag, var det kanskje 5 ledige berre i gata mi. Men ikkje i dag, nei. Eg fann ei til slutt. Nærare huset til Maria og Andreas enn mitt eige, men det får vere. eg trur det var andre forsøket og bilen var i luka (men ein del fram og tilbake inne i luka sjølvsagt. Eg parkerte mellom ein Volvo og ein Rover. Berre for å gjer det liksom (hadde ikkje noko val).
Her ser de bilete av luka, bilen, bilen bak og bilen framom.
Eg må seie at dei 2 andre bilane står like langt uti vegen som meg :)
Luka såg brått stor ut. Her er avstanden mellom dei 2 andre bilane.
Er eg ikkje flink?
Hourly Printable Daily Calendar Template
for 4 år siden
Ååå kor flinke du e :) Ditta hakje ej fått til tenk. Ej kjøre bykjøring i ørsta. De kan også til tider vere tøft. Men ikkje so tøft som oslo.
SvarSlettDe e tøft i Ørsta me. skal ikkje kimse av Ørstatrafikk :
SvarSlettlyskryssa stressakje mej, men der me e monge på en gong so vil samme plassen og me står ved siden av kvarandre - då syns ej de e litt stress.
Ditta synst ej va knallbra, Kari =) Kanksje du kan kjøre til Løren og lukeparkere her atme min bil en dag? :) so kan me grille, menst bilane står der og kosa sej i lukene sine? :)
SvarSlettÅJA!
SvarSlettDitta e berre heilt perfekt, Kari !! Det e so ej sku ha gjort det sjøl , uten å skryte !
SvarSlett