torsdag 14. april 2011

Kari observerer

støv på dataskjermen. Det er vanskeleg å sjå skjerminnhaldet. Det er pga sola. Men då gjer det ikkje så mykje.

vår

Til den det måtte angå
Det er jaggu meg vår. Det er deilig.
Det er så å seie påske også. Jammen ikkje verst.
I år har me fri 3.påskedag. Aldri opplevd før. Men sånn er det.
Helsing Kari

søndag 10. april 2011

musikk

Eg elskar musikk. Musikk er så mykje.
Musikk er å spele barytonsaks i eit storband som spelar sørafrikansk musikk saman med ein dritdyktig saksofonist som har komponert/arrangert mykje bra musikk.
Musikk er å spele litt piano for seg sjølv - og synge til.
Musikk er å høyre Tower of Power i bilen mens ein trur ein eig vegen.
Musikk er å lære vekk songar til 8-åringar - både vokalt og på instrument.
Musikk er å danse når ein eigentleg skulle rydde.

Det er så kjekt å drive med musikk. Og det skal så lite til å glede meg med musikk.

lørdag 2. april 2011

pinleg

Sit på litteraturhuset. Var nettopp usikker på om det var enkel eller dobbel konsonant i ordet litteratur. Men fann det ut. Flaks
Published with Blogger-droid v1.6.7

tolmod

Eg gjekk inn på kafeen på litteraturhuset for å kjøpe meg eit kakestykke i høve svigerfars 51-årsdag. Det var tydeleg at fleire hadde tenkt akkurat same tanken. Det var vanskeleg å finne ein stad å sitje. Eg vart sitjande midt i lokalet, der innst. På ein krakk med eit like lite bord. Etter ei lita stund vart det ledig innst i lokalet, der innst. Så no sit eg og ser på alle som feirar 51-årsdagen til svigerfar.
Published with Blogger-droid v1.6.7

fredag 1. april 2011

Besøk

Det er kjekt med vener som inviterer seg sjølv.
Døme på slike er Øystein og Martine.
Det er kjekt.
Og me skal ete hamburger.

Tenk å ha

Tenk å ha så stor og sterk kjeve at ein kan bite ein bit av eit eple utan å måtte rigle litt sånn fram og tilbake. Berre bite sånn ein to tre - bit. og der har du en passe stor eplebit i munnen.