Viser innlegg med etiketten Gullkorn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gullkorn. Vis alle innlegg

lørdag 19. februar 2011

det rare med rimord

Når me er ute på tur, elevane mine og eg, gjeng eg fremst og lyttar til kva dei går og skravlar om der bak. I går var me på veg til skøytebana og ein gut ved namn Christoffer sa følgjande etter ei god stund med rimord:

"Nesten alle navn rimer på noe. Sånn som Christoffer eh.....  eh......... Pristoffer!"

torsdag 5. november 2009

treige nettsider.

Ein dag me skulle laste ei nettside (og eg forklarte at ein kunne følge med på dei grøne strekane) utbraut ein elev:
Åh, det går jo treigere enn en togfører som kjører båt.

søndag 13. september 2009

Edvard Grieg

Dette stykket er det ein mann som heiter Edvard Grieg som har laga.
- Han kjenner jeg. Det er han som har den Halloween-sangen!

onsdag 26. august 2009

Klasseregler

- Hva er egentlig en regel?
- Det er noe de voksne sier at vi skal gjøre.
- Det kan jo også være barn som lager reglene. Kan du si meg en regel vi har?
- At det ikke er lov å plystre i klasserommet.
- Hva hadde skjedd om vi ikke hadde regler da?
- Da hadde det vært lov å plystre.

Her kjem eit til

I dag sat ein av gutane mine på golvet i garderoben. Det hadde vore mykje styr med sekkane. Det viste seg at elev a hadde teke sekken til elev b, som hadde teke sekken til elev c, som hadde teke sekken til elev a etter me hadde leika ved kyrkja i dag. Guten sat altså på golvet med sekken sin. Det hadde regna og han heldt på å pakke ned det gule trekket ein kan ha utanpå sekken sin når det regnar (det var nok difor elevane hadde teke feil sekkar på veg heim også). Medan han sat der såg han opp på meg og sa: "Jeg lurer på hva man egentlig skal med en rektor".

tirsdag 25. august 2009

Gullkorn frå ein 1. klassing

Det er svært gildt å ha skulen så nær kyrkja og kyrkjgarden. Det er meir filosofiske seksåringar som går over ein kyrkjegard enn dei som gjeng over ei fotballbane eller eit lyskryss.

"Se på alle de fine begravelsene"
"Se, det må være begravelsen til Jesus, for det er sånn kors på"
Ei som forstod at det ikkje var Jesus sin begravelse (grav) lurte på kvar begravelsen til Jesus eigentleg var.
Seinare sa ho det beste:

"Oppe i Himmelen, der hvor Jesus og Gud - og foreldrene deres - bor, der er det veldig fint."

Eg er svært takksam for å ha kyrkjegarden så nær skulen. I fjor sa ein av andreklassingane mine:
"De derre korsene er sikkert litt billigere" (han meinte dei trekorsa som stend på grava før steinen er komen på plass"

Er det nokon prestar som les? Eg har eit råd til skulegudstenestene. Heng opp salmane som vert brukt på tavla framme. Elevane spør kva den er til. Keisamt å svare "På ei VANLEG gudteneste heng nr på salmane der" eller "det er salmane frå den SKIKKELEGE gudstenesta som var på søndag". Er de med, prestespirane der ute?

Ha ein fin dag