lørdag 26. februar 2011

hyller til stova

I dag har eg vore kreativ. Eg kjøpte 5 hyller på ikea. Förhöja heiter dei. Dette er kvadratiske hyller på 30x30 cm. Eg skal hengje dei litt hulter til bulter på stoveveggen mellom fjernsynet og vindauget. 

Eg kledde botnen i hyllene med scrapbook-papir (og ei med glanspapir - slik ein lagar julepynt av) slik at det skal vere meir spanande å sjå på dei. Det er kjekt å bruke tosidig fototape. Det viser biletet nedanfor.


 
Eg kledde berre baksida eller botnen eller kva ein kan kalle det med papir. Det vart då sjåandes slik ut:
Så monterte eg hylla som om ingenting hadde skjedd :)
Ganske førnøgd sjølv, faktisk
 Her er tre av hyllene. Den øvste er dekorert med glanspapir. Sånn som ein lagar julekorger av, veit du.

No gjenstår det berre å henge dei opp. Det kan hende PK skal hjelpe meg med.

Pärris 2

No er me attkomne frå Paris. Me har hatt ein kjempefin tur. Akkurat det me trengde. 3 dagar vekk frå dritvinter og til vår i Paris.


Kameraet hadde morofunksjonar. ein kunne ta bilde som var svart kvitt med berre raudt på og sånn. Og det hadde sånne fiskeaugefunksjon. Hehe

PK leitar og leitar. Det skulle vere ei kyrkje her ein stad. kanskje om eg kikar i denne kikerten, kanskje får eg auge på ho, tenkjer han.



Louvre er eit museum med statuer og maleri.

Je voudrais deux croissant, s'il vous plait 
Merci beaucoup

 Fine gater oppe ved Montmartre
 Dersom nokon lurer på om det er kø for å komme opp og ned det derre tårnet (kva for tårn?), så var biletet over teke før me starta prosjektet og bildetet under etter me var ferdig med prosjekt Eiffeltårn.




 Krokus - vår
Den derre buen som Napoleon bygde etter han over altepenne dro.

Inntrykk: Paris inneheld mykje rart, men det er så god plass der at overalt er det liksom ikkje mykje på ein gong. Innimellom er det ingenting som skjer. Innimellom det som skjer, liksom.

onsdag 23. februar 2011

pärris

Så er me her i ein europeisk storby. Kosar oss. Akkurat no er me på hotellrommet og driv kvalifisert dank. Me har vore på museum og i den kirka frå disneyfilmen. Me skriv reisedagbok med innslag av crapbookinspirasjon. Jauda. Herr og fru på tur.
Published with Blogger-droid v1.6.7

dag1

Ein løfserøv og ein delightful pleasent glove.
Published with Blogger-droid v1.6.7

tirsdag 22. februar 2011

Gler meg

Kanskje får eg oppleve dette torsdag. mmm



Dagtid kl 12 – kl 18

Delvis skya11°Lett bris, 5 m/s frå vest-nordvest
Delvis skya. Lett bris, 5 m/s frå vest-nordvest. 0 mm nedbør.


De


mandag 21. februar 2011

turist i eigen by

Eller, tidlegare by. Eg er strengt tatt ikkje osloværing lenger.

Vinterferie.

Eg tek føre meg gode gamle st.hanshaugen. Fretex - Kjøpte eit herleg koppesett.
Henta fine fargeprøver på ein fargehandel.
Cafe rustique - cola zero og sjokoladekake.

Saknar å bu her. Samstundes som eg stortrivst på Jar som litt vaksnare enn før.
Published with Blogger-droid v1.6.7

søndag 20. februar 2011

haba haba

Såg den berømte haba haba i sta. Typisk Kari å like denne. Zumbadansande KariKari :-) men kva med at den berre er så halvveis? Fin stemme på ho som syng, men litt lite presis. Med ei låt med slike rytmer kunne ein vel fått til litt meir dans? Zumbadansande KariKari kunne nesten vore på den scenen. Nesten
Published with Blogger-droid v1.6.7

lørdag 19. februar 2011

det rare med rimord

Når me er ute på tur, elevane mine og eg, gjeng eg fremst og lyttar til kva dei går og skravlar om der bak. I går var me på veg til skøytebana og ein gut ved namn Christoffer sa følgjande etter ei god stund med rimord:

"Nesten alle navn rimer på noe. Sånn som Christoffer eh.....  eh......... Pristoffer!"

berre ein tur på toalettet.

Eg passar dette sjarmtrollet. Eg tok meg ein tur på do for å bæsje litt. Då eg kom ut att, hadde lillegull funne nokre klistermerker.
Published with Blogger-droid v1.6.7

fredag 18. februar 2011

Inne og ute

Batikk


Kari: er ikkje det sån tau som ein knyt rundt og dyppar i maling?


PK: Jau


Kari: Ja, det var så in. Ein gong.


PK: Ja, og det er vel derfor det er ut no.


Kari: For når noko ikkje har vore in, er det vel heller ikkje ut. Ta til dømes jordbærsylte. Det har liksom aldri vore in. Derfor kan det liksom ikkje vere ut heller.


PK: Nei, det er vel det som kallast tidlaust då.



Vinterferie

Det er fredag. Eg er ferdig med skidag, skøytedag og anna aktivitet. Eg har teke med klassebamsen Lacy heim. Eg er lærar, og det er klart for vinterferie. 


Kva skal eg finne på denne veka? Eg har høve til å gjere nesten kva som helst. Og eg tek gjerne i mot forslag.

Frykt: å sitje søndagen og kjenne på at eg ikkje har brukt ferien til noko fornuftig.

Dette har eg lyst til:
- fare på ikea og kjøpe förhöja-hyller og henge dei opp på stoveveggen litt sånn tilfeldig slik at det blir stilig. Ha litt forskjellig i dei.
- gå på skøyter. Kanskje kjøpe meg ein skikkelig hjelm og lære meg å dette.
- reise til Paris. Det kan late seg gjere
- søstrene Grene, kremmerhuset og åhléns
- lage trappa opp og gangen oppe koseleg
- sy på symaskin
- ski?
- bake brød
- brodere på husputa mi
- trene på elixia
- passe Martine (noko eg gjer i skrivande stund)



onsdag 16. februar 2011

middag

Laga så god middag i dag. På biletet ser vel maten ut som kva som helst kafeteriamat, men det var godt, ass.
-Litt salat nedst
-Steikte småpoteter. I omnen litt under ein halvtime. Ha på olje og krydder for du set dei inn.
-Ein avokado
-Litt sukkererter
-Ein steikt laksefilet med sitron og peppar
-Litt tsatsiki (rømme og dipp) vedsidenav

Mangla noko raudt for estetikken sin del.
Published with Blogger-droid v1.6.7

fredag 11. februar 2011

livsfilosofi

Published with Blogger-droid v1.6.7

søndag 6. februar 2011

by night.

Einsemd.
På høgt nivå.
Published with Blogger-droid v1.6.7