Eg er kan hende litt materialistisk, sidan eg bloggar om ting eg eig. Men til mitt forsvar er det ganske stusselege ting eg gledar meg over. Affeksjonsverdi eller berre små rare ting eg likar.
Her er to nye ting eg har kjøpt til stova mi:
Ein puff som ein både kan sitje på og liggje på:
Pappa sin kommentar må eg berre skrive her:
"E de en sånn poff so en sitte å sige utøve på?"
Synnøve er den einaste som har sove på puffen (med unntak av middagskvildene våre). Trur ikkje det er engleseng, men sikkert betre enn golv.
Puffen er kjøpt på Åhlens.
Den andre tingen er bladkorga mi. Denne er kjøpt på Søstrene Grene. Ein relativt artig butikk ein kan finne jaffal på Karl Johan og på Sandvika Storsenter.
Her oppi har eg eg blad og brosjyrer det kan vere interessant å bla gjennom (dette er ikkje staden å dumpe bohusreklamer og gamle utgåver av Vårt Land).
Bladkorga er plassert mellom dei to gyngestolane og det er svært passeleg, meiner eg sjølv.
I bakgrunnen ser de forøvrig dei nye hagemøblane våre. Guri kor vaksne me kjende oss då me køyrde heim frå plantasjen med hengar på bilen og hagemøblar og grill bak på.
Hourly Printable Daily Calendar Template
for 4 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar