onsdag 29. desember 2010

Ny mobiltelefon

Hei
Eg er no med i gjengen. Eg har fått sånn telefon som har nesten ingen knappar. Berre skjerm. Den er litt liten. er sony ericsson og heiter noko med mini. Eg har testa litt korleis det er å blogge frå telefonen. det starta med det innlegget som berre inneheldt ordet test - i tillegg til ordet jul, sjølvsagt. Så hadde eg eitt uheldig og eitt heldig forsøk på å leggje til bilete. Veit ikkje kva eg gjorde forskjellig, men satsar på at eg får det til frå no av.

Dersom dåkke ser blogginnlegg med etiketten mobilblogging, så er det frå telefonen min.

Eg likar telefonen min. Fekk den til jul av PK. Kjekke fyr det der.

1 kommentar:

  1. Hei og hå ! Kjekt med nye mobil :) Det har eg også, men min er ein gjenbrukstelefon :)

    Vi er no i Fiksdalen, har nådd ein nokonlunde temperatur. Snart vert det godt lukt av brød for det står nemlig fire brød i omnen og steiker seg !!! Elektrolux-Assistenten har fått seg ny heim !

    klem klem

    ps Ja, PK er ein kjekk fyr !!

    SvarSlett