Viser innlegg med etiketten Ting eg er glad i. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ting eg er glad i. Vis alle innlegg

torsdag 12. august 2010

kjekke ting

Eg er kan hende litt materialistisk, sidan eg bloggar om ting eg eig. Men til mitt forsvar er det ganske stusselege ting eg gledar meg over. Affeksjonsverdi eller berre små rare ting eg likar.

Her er to nye ting eg har kjøpt til stova mi:

Ein puff som ein både kan sitje på og liggje på:


Pappa sin kommentar må eg berre skrive her:
"E de en sånn poff so en sitte å sige utøve på?"

Synnøve er den einaste som har sove på puffen (med unntak av middagskvildene våre). Trur ikkje det er engleseng, men sikkert betre enn golv.
Puffen er kjøpt på Åhlens.

Den andre tingen er bladkorga mi. Denne er kjøpt på Søstrene Grene. Ein relativt artig butikk ein kan finne jaffal på Karl Johan og på Sandvika Storsenter.



Her oppi har eg eg blad og brosjyrer det kan vere interessant å bla gjennom (dette er ikkje staden å dumpe bohusreklamer og gamle utgåver av Vårt Land).

Bladkorga er plassert mellom dei to gyngestolane og det er svært passeleg, meiner eg sjølv.

I bakgrunnen ser de forøvrig dei nye hagemøblane våre. Guri kor vaksne me kjende oss då me køyrde heim frå plantasjen med hengar på bilen og hagemøblar og grill bak på.

på tokt hjå Besta

Det er kjekt å ha ei bestemor som heiter Besta. Det er også kjekt at Besta har eit stort hus det har budd litt folk i. Nokre av dei som har budd her er til dømes Pappa, men det er vel ikkje så rart.

Eg var på besøk hjå Besta ein dag i ferien då eg var på Sunnmøre. Då tok me oss ein tur på loftet. Til og med på mørkeloftet var me. Det var PK, eg og Besta.

Her fann me det eg ville ha (for det låg ein intensjon bak akkurat dette besøket). Det var eit par gyngestolar bestefaren min har laga. Han var møbelsnikkar i si tid. Eg har aldri treft han. Han er død, og det har han vore sidan Pappan min var litt for ung til å miste pappan sin.

Men han har sett spor etter seg. I allefall på loftet heime hjå Besta. Der er møblar han har laga i kvar ei krå.


Gyngestolane står no ved altandøra mi i det nye huset mitt. Dei skal nok pussast, malast og kanskje trekkast om ein dag. Eg må berre lære det fyrst. Men eg har det jo i blodet.


I eit skap på loftet til Besta sto denne retro stoppeklokka. Trikset heime hjå Besta er å seie: "Denne var fin/tøff/stilig/kjekk" etc ca tre gonger, og så seier Besta: "Off! Vil du ha den? Det er berre noko gammalt skrot"

Eg er glad i Besta - ikkje berre fordi ho har eit hus, men fordi ho er Besta mi :)

onsdag 21. juli 2010

eit kjekt bord

i Brugata i Oslo, er ein bruktbutikk som har litt møblar, bøker, ein drøss postkort (visste ikkje det var mulig), div rusk og rask og noko stilig.

Her har eg kjøpt meg eit kjekt bord. Det er litt lite, men akkurat stort nok til å spele settlers på det, så det kvalifiserer til salongbord (PK var først skeptisk).

Det har hylle under til aviser og datamaskina mi. Det er litt slitt på bordplata, men eg likte det kjempegodt.

Her er eit bilete av bordet. Bordet stend ved puffen min. Puffen kjøpte eg på bruktbutikk i Ørsta. Kjekk plass det også. Puffen har eg faktisk trekt opp heilt sjølv :)


Biletet er teke ein Torsdag eg var i nyehuset mitt for å vente på Ikea og ein mann med eit kjøleskap (som me kjøpte brukt på El-vare på Sagene ). På bordet stend ei skål sjokolade og eit glas brus (til meg).

onsdag 30. juni 2010

Markveien

No har eg budd i Oslo i 6 år. Eg kan Bogstadveien, Karl Johan og diverse krikar og krokar ut og inn. Men austkanten er eg ikkje så ofte på. I dag skulle eg gå frå Youngstorget til Grønland og visste ca retninga og hadde god tid, så eg gjekk litt på måfå, so dei seier.

Eg gjekk inn ein veg som heiter Markvegen. Hmm, tenkte eg med meg sjølv. Her hadde eg aldri gått før, men vegen såg så interessant ut at eg ville ha med meg ein annan elefant.

I denne Markvegen var det mange kjekke butikkar. Ein av dei var denne:
www.skaperverket.com
Fleire vintageaktige butikkar. Og butikkar som selde ting som var fine å sjå og ta på. Eg enda på Schous plass då eg var ferdig. Det var ikkje der eg hadde tenkt å ende, men då var det berre å gå til Grønland frå Schous plass. Eg fann Grønland og vandra litt der. Dei hadde ikkje det eg leitte etter, men eg hadde sånn ein fin tur så det gjorde ingenting.

torsdag 24. juni 2010

Kari likar

No ser eg at fleire har vore innom bloggen min fordi eg reklamerte på facebook :) Dette likar eg.

Kari likar:
- sjokoladen Hobby
- å vere åleine heime og ete grandiosa til middag med cola zero til
- lukta av vår
- lyden av PK som alltid prøver å opne dodøra før han har låst opp (kvar gong gløymer han at han må ta nøkkelen før dørhandtaket)
- ungar i (nesten) alle aldrar
- å bytte ut utepils med utecola
- å rydde og lage oversikt over hobbytinga sine (perler, tråd etc)
- rosinbollar
- filmane "Vicky Christina Barcelona" og "Den fabelaktige Amélie fra Montmatre"
- kvitveis
- å ta ut fletter av håret og kjenne på krøllane
- dundyna si med flanelldynetrekk
- jobben sin (særleg denne tida)
- å ha på høg musikk og danse i eiga stove
- merksemd

onsdag 15. juli 2009

Vekta mi

Eg har jobba eit halvt år no som lærar. Då me skulle rydde klasserom, kontorpultar og arbeidsrom til sommaren, hadde eg ikkje så mykje som mange av dei andre eg jobba saman med. Det var difor kjekt å sjå på alt rot og skrot dei hadde samla oppgjennom åra.


-Vil du ha en vekt? Høyrde eg ein dag me satt å rydda. Det var E, ei dame som eg har jobba på team med no. Ho har vore i bransjen lengre enn eg har levd. Eg ville gjerne ha ei vekt :)


Så søt vekt eg fekk :)