onsdag 30. juni 2010

Markveien

No har eg budd i Oslo i 6 år. Eg kan Bogstadveien, Karl Johan og diverse krikar og krokar ut og inn. Men austkanten er eg ikkje så ofte på. I dag skulle eg gå frå Youngstorget til Grønland og visste ca retninga og hadde god tid, så eg gjekk litt på måfå, so dei seier.

Eg gjekk inn ein veg som heiter Markvegen. Hmm, tenkte eg med meg sjølv. Her hadde eg aldri gått før, men vegen såg så interessant ut at eg ville ha med meg ein annan elefant.

I denne Markvegen var det mange kjekke butikkar. Ein av dei var denne:
www.skaperverket.com
Fleire vintageaktige butikkar. Og butikkar som selde ting som var fine å sjå og ta på. Eg enda på Schous plass då eg var ferdig. Det var ikkje der eg hadde tenkt å ende, men då var det berre å gå til Grønland frå Schous plass. Eg fann Grønland og vandra litt der. Dei hadde ikkje det eg leitte etter, men eg hadde sånn ein fin tur så det gjorde ingenting.

mandag 28. juni 2010

Skrotnisse

Eg trur det bur ein skrotnisse her i huset eg bur i no. I ryddinga/flyttinga har eg samla ein del ting som eg ikkje vil ha lenger. Eg tenkte andre menneske kunne få det. Hehe. Men det meste er eigentleg skikkelege ting, men som eg berre ikkje vil ha lenger.


I går sette eg ut ein sånn stamp med ting pluss ein ikeapose med gamle sko og nokre heimesydde vesker. Etter nokre timar var stampen vekk. Og på kvelden stod ikeaposen der (men han var berre halvfull no). Eg tenkte at det fekk stå over natta og at eg skulle kaste det morgonen etter. Men i dag tidleg var posen også vekke. Det kan sjølvsagt hende at søppelmannen tok det, for det stod nært søpla og søpla var tømt i dag. Men hvis ikkje, lurer eg veldig på kven som ville ha alt skrotet mitt. Eg har meir skrot. Lurer på om eg skal setje det ut også.


Dersom eg held fram, vert det lett å flytte :)

Bilen min

Som de alle har fått med dåkke, har då PK og eg kjøpt oss vår første bil. Det er ein golf. Litt svær ein, om eg må sei det sjølv.

I dag eg på min første Oslokøyretur. Eg hadde eit ærend på jobb (levere nokre permar og hente jobbdataen min) og tok fatt. Eg køyrde både Pilestredet, Majorstukrysset, Smestadkrysset, ring 3 med meir. Eg hadde full kontroll. Eg er ein super sjåfør berre eg får ha bilen, augene, tankane og vurderingsevna for meg sjølv.

Då eg kom heim visste eg at ei lukeparkering måtte til. Eg køyrde nabolaget rundt etter ei lita luke. Det var ikkje lett. I gå (men då var det søndag) formiddag, var det kanskje 5 ledige berre i gata mi. Men ikkje i dag, nei. Eg fann ei til slutt. Nærare huset til Maria og Andreas enn mitt eige, men det får vere. eg trur det var andre forsøket og bilen var i luka (men ein del fram og tilbake inne i luka sjølvsagt. Eg parkerte mellom ein Volvo og ein Rover. Berre for å gjer det liksom (hadde ikkje noko val).

Her ser de bilete av luka, bilen, bilen bak og bilen framom.

Eg må seie at dei 2 andre bilane står like langt uti vegen som meg :)
Luka såg brått stor ut. Her er avstanden mellom dei 2 andre bilane.


Er eg ikkje flink?

fredag 25. juni 2010

Flyttekaos

Hei
Eg er eigentleg veldig glad i å flytte. Likar å pakke og sortere tinga mine. Likar å få oversikt over alt rotet eg har samla på oppgjennom og det gjev meg ei glimrande anledning til å kvitte meg med ting og rusk og rask.

Sjølv om eg ikkje veit når eg eigentleg skal til å flytte, har eg alt begynt å pakke. bøker i banankasser, og lenger har eg ikkje komt.


Me held på å kjøpe oss bil. Det vil seie, me eig ein bil, men har ikkje fått han enno. Grunnen til det er at banken er så trasige. Mandag var alt såre enkelt. Dei trengde berre 2 signerte dokument scanna og sendt på mail. i går kl 1500 trengde dei litt meir. Då måtte me òg printe ut nokre greier, signere det og scanne det til dei (me har korkje printer eller scanner heime, så dette må gjerast på dagtid). I dag, kl 1600 måtte dei visstnok ha originalar sendt i posten. Dette er til å grine av, noko me også har gjort.

Me skal i bryllaup i helga og vil gjerne køyre dit. So no er det smisking med bilselgar om at dokumenta han har fått frå banken er garantert pengar til han over helga. Men han er skeptisk (det har han lov å vere), så me må overbevise han om at alt er trygt.

Så på mandag skal banken få høyre at sånn går det ikkje an å gjere.

Men eg pakkar og prøver å innbille meg sjølv at eg snart skal flytte. No skal eg besøke mi gode veninne Malin og ete middag saman med henne.


Snakkast!

torsdag 24. juni 2010

Kari likar

No ser eg at fleire har vore innom bloggen min fordi eg reklamerte på facebook :) Dette likar eg.

Kari likar:
- sjokoladen Hobby
- å vere åleine heime og ete grandiosa til middag med cola zero til
- lukta av vår
- lyden av PK som alltid prøver å opne dodøra før han har låst opp (kvar gong gløymer han at han må ta nøkkelen før dørhandtaket)
- ungar i (nesten) alle aldrar
- å bytte ut utepils med utecola
- å rydde og lage oversikt over hobbytinga sine (perler, tråd etc)
- rosinbollar
- filmane "Vicky Christina Barcelona" og "Den fabelaktige Amélie fra Montmatre"
- kvitveis
- å ta ut fletter av håret og kjenne på krøllane
- dundyna si med flanelldynetrekk
- jobben sin (særleg denne tida)
- å ha på høg musikk og danse i eiga stove
- merksemd

Godt nyttår

Eg har ikkje skrive sidan i fjor.
Men no er eg ein lærar med sommarferie.


No om dagen driv eg og pakkar. PK (mannen min) har fått jobb og me skal flytte rett ut av Oslo. Det vert spennande. Større plass får me og me har nettopp kjøpt oss bil. Denne skal me hente i morgon. Då har eg fått beskjed om å ha med favorittcden min. No har det seg slik at eg har pakka cdane, men trur eg skal grave fram ein. Lurer på om det vert denne.


Då håper eg på mange lesarar og mange kommentarar.

Helsing Kari