
Fekk eit brev i posten om at dei skulle stengje vatnet i dag mellom 9 og 15. Heilt greit. Og kjekt å bli informert.
Det minner meg om somrane før i tida. Då røra var så dårlege i ytrehovden at vatnet ikkje rakk opp til oss på toppen. Når mamma høyrde at det surkla i kjøkkenveggen (røra) skunda ho seg å tappe vatn.
Det som er ulikt før og no, er at no fekk me brev. Det gjorde me ikkje i ytrehovden. For i følgje kommunen hadde me jo vatn.
Published with Blogger-droid v1.6.7