I dag sit PK og arbeider med minneord, talar, andakter og salmesetlar. Eg, derimot, har ferie. Men kva skal ein finne på? Eg har ikkje bil, så eg kan ikkje køyre nokon stad. Og her i bygda må ein nesten ha bil for å kunne fare ein stad. Vêret er ikkje dårleg, men det er liksom ikkje bra heller. Eg trur eg må finne på noko innandørs. I går rydda eg litt i ting som ligg her hos mamma og pappa. Men det vil eg ikkje i dag. Kanskje eg må strikke noko? Det er ganske praktisk å lage julegåvene no. Det er no ein har tid.
Men det er deilig med sommarferie og då. Det å ikkje ha noko å gjere er eit godt teikn eigentleg:)
Eg har to bilar for meg sjølv, men trur du eg brukar dei? Neidå, eg syklar, eg. Sjukt.
SvarSlett