Blogginspirasjon blogginspirasjon...
Hei, no var det lenge sidan. Eg har ikkje vore på ferie til no. Turen varte i tre dagar. Bilete kjem (kanskje). Eg har ikkje vore så mykje på nettet i det siste. Det har ikkje vore heilt tilgjengeleg her heime. Me har hatt ei datamaskin som virka, men der har ikkje internett virka. Og den dataen der internett virka, tok seg ei velfortent pause. Men no har me eit litt ustabilt kasus som kan klare litt facebook og litt blogging innimellom. Elles har eg nett på jobb, men der er det anna å ta seg til.
Fyrsteklassingane kjem på mandag. Då skal dei ha alle skrivebøker, meldingsbøker, navneskilt i alle variantar og diverse på veggane, halvårsplanar og periodeplanar til undervisninga, rett antal pultar og stolar rett plassert og jammen skal ikkje klasserommet vere fint og triveleg og læraren budd også. Så eg har hatt å gjort denne veka, for å seie det slik. Eg har laminert, klipt, laminert, limt, stifta, laminert, kopiert (både i farge og svart/kvitt) og sa eg laminert? Men eg gler meg. Eg fekk det minste klasserommet, men om elevane sit roleg, har me god plass der inne. Det vert koseleg.
I kveld har eg sett sex and the city - the movie, og gret i lag med dei, jentene eg har vorte så glad i i det siste. Men eg er ikkje trygg på han der Big. No good. Menmen.
Me snakkast, adios amigos
Hourly Printable Daily Calendar Template
for 4 år siden
Hei igjen :) Ja, du har sikkert mykje å henge fingrane i, og det virkar som du he det kjekt :))
SvarSlettTakk for hyggelig kommentar på bloggen min !
(dei brukar å skrive slikt)
Er spent på ka som e i gåve-skuffa di :) Ønske mej ikkje spesielt en VHS til Jul, men noke du he laga :)))E spent på ka du fe med mej me :))
klem