tirsdag 14. juli 2009

Ullemi

Hei igjen
Mamma har ein hobby der ho lagar ullfigurar med ein teknikk ein kallar nålefilting. Det er rett og slett toving av ull utan vatn og anna griseri. Mamma har vist meg korleis ho lagar figurar. Det tek nok for alltid før eg kjem opp på same nivå som henne, men eg kosar meg stort med desse figurane. Her er nokre bilete av det eg har laga i sommar:






På grisane og nissane har eg brukt kakeformer og stappa ulla nedi og stukke og stukke med nåla til det vart tova. Etterpå pynta eg figurane med ull. Det er skikkeleg kjekt.

Den øvste snømannen fekk mamma og pappa med meg (føler meg som sju år gammal igjen), men den nederste vil eg ha sjølv ;) Her rullar eg saman ull og stikk her og der og formar ulla slik eg vil ha henne. Julekrybbefigurane nedanfor er laga på same måten.

På bloggen til Mamma kan de sjå figurane hennar og lese meir om teknikken.

2 kommentarer:

  1. Hei! Ingrid og eg sit og ser på dei flotte ullfigurane dine :) Ullemi er ikkje farlig, berre veldig smittsamt :) og litt arvelig. Vi synest du er kjempeflink !! Julekrybbefigurane dine er heilt supre. Mamma er fryktelig stolt av deg !!!

    SvarSlett
  2. ÅÅÅÅ.... takk for det, begge to :) Det er smittsomt. I allfall det der med å sjå kva ein må lage i ull ein dag. Og når ein ser ein person på gata med svevande hår, så får ein lyst å "hente og stikke" slik at det kjem inn i hovudet att :) Svært smittsomt. Lurer på når Pappa vert smitta. Høyrte rykter om ei vaksine...

    SvarSlett