onsdag 15. juli 2009

Brukthandelen min

Eg er glad i loppemarked, bruktbutikkar og liknande. Her ein dag var eg på min faste butikk (secret, secret) og sjå på dei tøffe tinga eg fann:



Dette er ølbrikker. Hehe.. Dei er kjempetøffe. Dei hadde ei heil øskje på butikken. Mannen spurde om eg samla. Nei, sa eg. Men at eg kanskje kunne byrje. Tvilar på det, men dei var i alle fall tøffe. Dei er i papp altså, så det er nok eingongsbrikker.



Den lille. Boksa er kanskje 7cm høg, og det tøffaste (og eklaste) er at det er vaniljesukker oppi boksa. Hehe.. eg anar ikkje kor gammal ho er. Eg kan ikkje hugse dei så små, men ho treng ikkje vere så gammal likevel. Nokon som veit?

Her er alt saman. Eg har fått dilla på gamle sigaøskjer. Eller andre liknande boksar og ting. Mamma og Pappa er på marked i Sverige i dag, og eg ønskte meg boksar. Spent på kva dei finn.


2 kommentarer:

  1. Hehehe... :D Ska sei!! :) Så kult. Eg har faktisk ein sånnein boks i metall, og ein t bakepulver og. :) Vett kje kor gamle de e. Men det kan hende de e nyere enn den du kjøpte, for eg tror de e ca samme størrelse som dagens bokser... :) Eg fant de i skapet på Normisjon sitt kontor i Sandnes, hehe... Åsså fekk eg lov å ta de, det va jo syyykt gammalt bake- og vaniljepulver i... hehe... Kjempegøy!!! :) Eg e SÅÅÅ glad i mine bokser!! :)

    SvarSlett
  2. Oj, så kjekt! Utrulig fine dei der sigarøskjene.

    SvarSlett