onsdag 26. august 2009

Her kjem eit til

I dag sat ein av gutane mine på golvet i garderoben. Det hadde vore mykje styr med sekkane. Det viste seg at elev a hadde teke sekken til elev b, som hadde teke sekken til elev c, som hadde teke sekken til elev a etter me hadde leika ved kyrkja i dag. Guten sat altså på golvet med sekken sin. Det hadde regna og han heldt på å pakke ned det gule trekket ein kan ha utanpå sekken sin når det regnar (det var nok difor elevane hadde teke feil sekkar på veg heim også). Medan han sat der såg han opp på meg og sa: "Jeg lurer på hva man egentlig skal med en rektor".

1 kommentar:

  1. Ja, det e det sikkert mange som lurer på. Men me veit no kaffør me må ha lærarar: For å skrive ned alle gullkorna !!!!

    SvarSlett