Dersom eg kunne sy på symaskin skulle eg sydd meg ein hund som sov.
Dersom eg var heime akkurat no skulle eg gitt PK ein god klem - og kanskje ein suss.
Dersom eg var kjemperik skulle eg starta ein kulturskule til - som var gratis.
Dersom eg kunne flyge skulle eg tatt meg ein tur.
Dersom eg kunne spansk skulle eg lese ei bok på spansk.
Dersom eg kunne ynskje meg kva eg ville skulle eg ynskje alle hadde det bra.
Dersom eg hadde ei sprayboks skulle eg spraymala noko lilla.
Dersom eg kunne trylle skulle eg ha trylla fram sol i Bergen.
Dersom eg ikkje hadde hatt det så godt som eg har det, skullle eg ynskje eg sat på togstasjonen i Bergen og skreiv eit så svevande blogginnlegg.
Hourly Printable Daily Calendar Template
for 4 år siden
Denne teksta vitnar om at Kari har det godt ! Og når Kari har det godt er alt godt !
SvarSlettlilla ?
Stor klem frå mamsen