Eg elskar musikk. Musikk er så mykje.
Musikk er å spele barytonsaks i eit storband som spelar sørafrikansk musikk saman med ein dritdyktig saksofonist som har komponert/arrangert mykje bra musikk.
Musikk er å spele litt piano for seg sjølv - og synge til.
Musikk er å høyre Tower of Power i bilen mens ein trur ein eig vegen.
Musikk er å lære vekk songar til 8-åringar - både vokalt og på instrument.
Musikk er å danse når ein eigentleg skulle rydde.
Det er så kjekt å drive med musikk. Og det skal så lite til å glede meg med musikk.
Hourly Printable Daily Calendar Template
for 4 år siden
Kari = musikk
SvarSlettmusikk = Kari
enkel matamatikk:)
klem frå mamsen som også nynner seg gjennom dagane :)