lørdag 26. februar 2011

hyller til stova

I dag har eg vore kreativ. Eg kjøpte 5 hyller på ikea. Förhöja heiter dei. Dette er kvadratiske hyller på 30x30 cm. Eg skal hengje dei litt hulter til bulter på stoveveggen mellom fjernsynet og vindauget. 

Eg kledde botnen i hyllene med scrapbook-papir (og ei med glanspapir - slik ein lagar julepynt av) slik at det skal vere meir spanande å sjå på dei. Det er kjekt å bruke tosidig fototape. Det viser biletet nedanfor.


 
Eg kledde berre baksida eller botnen eller kva ein kan kalle det med papir. Det vart då sjåandes slik ut:
Så monterte eg hylla som om ingenting hadde skjedd :)
Ganske førnøgd sjølv, faktisk
 Her er tre av hyllene. Den øvste er dekorert med glanspapir. Sånn som ein lagar julekorger av, veit du.

No gjenstår det berre å henge dei opp. Det kan hende PK skal hjelpe meg med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar